Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var vi vel i hamn! Vart tatt i mot med jubel og tåkelurkonsert av mannskapet på Pigalopp og Mari.
Akkurat no er eg nok den stoltaste skipparen “synna i Stadt”! I lag med Tempest har eg med forskjellig mannskap kryssa Atlanterhavet to gongar, Europa - Karibien tur/retur. Alt har gått fint, både med båt, utstyr og mannskap. Bank i bordet!
Tusen takk til mitt siste crew, Caroline von Simson og Benedikte Svardal. Sjølv om sjøsjuka sleit litt i starten har dei vert positive og arbeidsame heile vegen. Vi har hatt ei god stemning ombord, og dei har diska opp med bakst og mat så vi har kost oss godt med. Perfekt crew for det siste krysset, takk for hjelpa over begge to!
No gjennstår berre Irskesjøen, udyret i Lockness, samt nordsjøenfør vi er heime. Men først skal vi ut og sjå om dei har noko greie på Guinnes i Irland. So long
11 kommentarer til “Tampen i land!”