Arkiv for 15. juni, 2009

Kinsale

Arnt i sving med å skylle segldressane. Blir mykje saltvatn på kleda etter eit realt havkryss!Så begynner ting å falle på plass igjen her. Skal vel ikkje skyve under ein stol med at det har mykje med at 1.st Mate Arnt har mønstra på igjen å gjere… Hard start, rett i gang med jobblista for å få Tempest “in shape again” etter to havkryssetapper.

Fortsett å lese ‘Kinsale’

Horta - Kinsale

Dykk vil vel kanskje sjå nokon bilete frå den siste delen av Atlanterhavskrysset og? Vel, her kjem dei, kos dykk :-)
Siste måltid før 9 døgn på havet. Pigaloppane var med og.Avskjedskomiteen var på plass og vinka oss vel avgårde.Eit siste måltid før havkrysset nøyt vi i lag med Skipper og mannskap på Pigalopp som segla i lag med oss.

Fortsett å lese ‘Horta - Kinsale’