Horta - Kinsale

Dykk vil vel kanskje sjå nokon bilete frå den siste delen av Atlanterhavskrysset og? Vel, her kjem dei, kos dykk :-)
Siste måltid før 9 døgn på havet. Pigaloppane var med og.Avskjedskomiteen var på plass og vinka oss vel avgårde.Eit siste måltid før havkrysset nøyt vi i lag med Skipper og mannskap på Pigalopp som segla i lag med oss.

Før vi la ut tok vi oss ein siste spasertur på land. Det gjer godt å røre litt på seg før ein skal sitte 9 døgn i ein liten cockpit. Masse vær, så vi fekk testa segluniformen samstundes:-)Tre forblåste “soon to be” AtlanterhavskryssararCaroline i motvind :-)Ein liten rast før vi snudde ned at til hamna som dykk ser i bakgrunnen

Så var vi i gang, eit flott havkryss sjølv om det nok vart litt meir vær denne gongen enn på dei forrige. Men vi kom oss igjennom alt vi hadde håpa på, bortsett frå at vi ikkje fekk sett Kval!
Caroline sit på vakt. Godt innpakka i forhold til Karibienseglinga vi har bedrevet det siste halve året.Benedikte på vakt, ho var litt meir vant til temperaturen.Caroline er ute med bosse, det gjømmer vi i ankerbrønnen til vi er i land.Caroline er på dekk og forberedar stormfokkaStormfokka på plass. Her går vi for motor i vindstilla og ventar på “stormen”Sten med “stormuniformen”. Skibriller var genialt, slepp regnet som piskar i auga.Skippern har diska opp med kjøttkaker i brun saus.Slik skal det helst ikkje se ut det man tømmer ut i frå dieselfilteret.Er litt kaldt om natta ja :-)Så kom finværet igjen. Iblandt er det berre herleg utpå der.Siste soloppgangen før vi kom inn til IrlandEin nøgd Skipper sto opp til nyheten om “land i sikte”Benedikte hadde æra av å vere den første som såg land på si nattevakt.Pigalopp og Mari holdt av plass og tok godt i mot oss i KinsalePliktoppfyllande som vi er var bloggen det første som vart oppdatert.Ikkje berre Kapteinen som er “nettoman”Det vart sjølvsagt ein tur på Irsk pub i lag med mannskapet på Pigalopp.

 

Madonna, Britney Spears og vi, VOSSAVANN sjølvsagt. Kun det beste er godt nok ;-)Så avsluttar vi med ein liten kuriositet; På Tempest gjer vi so dei store, vi drikk VOSSavatn! Det var faktisk like billeg som vanleg vatn på St.Martin, så vi kunne i dy oss for å kjøpe nokre drikkeflasker.

2 kommentarer til “Horta - Kinsale”


  1. 1 Odd Jarle

    Kor heldige mannskapet var som fekk ete på dekka bord med duk og greier. Så fint var det ikkje då eg var ombord - hrmmmff! Og gratulerer med ny fin blå termos. Håpar den duger og held heilt heim!

    VOSS vatnet var bra saker. Det var ikkje akkurat like billeg som anna vatn, men det smaka betre (Kanskje kun av den grunn at det var så eksklusivt at det fekk ligge i kjølen?). Likefullt, prisen var OK, men vi oversåg advarselen “Reject if safety seal is broken”. Håpar salet av pirat-VOSS gjekk til eit godt formål ;-)

  2. 2 Dag

    Stormfokk på innerstag

    Hei, eg ser at stormfokka er montert på innerstag (vel den einaste brukande løysinga når ein har rullegenoa pp forstaget). Eg reknar med at eit slikt innerstag ikkje er standard på denne båten. Er dette eit demonterbart stag? Korleis har de løyst innfestinga i dekk? Kva kostar ei slik løysing?

Skriv en kommentar