Kinsale

Arnt i sving med å skylle segldressane. Blir mykje saltvatn på kleda etter eit realt havkryss!Så begynner ting å falle på plass igjen her. Skal vel ikkje skyve under ein stol med at det har mykje med at 1.st Mate Arnt har mønstra på igjen å gjere… Hard start, rett i gang med jobblista for å få Tempest “in shape again” etter to havkryssetapper.

Alle i sving med vask av båt og utstyrFlitteg kaptein lagar Bacalao til mannskapet….… ein skikkeleg mannerett, lagar seg sjølv :-)Ikkje at vi ikkje jobba vi andre og… Caroline vaska og sto i, medan eg laga Bacalao. Det er ein fin rett å lage. Legg fisken i bløyt og vent på sofaen til den er passe usalt (rundt 10 timar går fint om du skiftar vatn ofte). SÅ kuttar du opp alt som skal i, hiv i gryta og finn sofaen igjen. Ein time eller halvannan, og du kan be dei andre om å dekke bordet :-)

Mykje sterke fargar.Mange koselege pubar.Kinsale er ein flott og fargerik middelalderby. Fokuset vårt var nok ikkje heilt å vere turistar, men vi fekk sendt Caroline rundt for å ta nokre bileter slik at vi fekk sjå koss det såg ut ;-) Veldig flott!

På veg til Dublin, fint vær, passeleg seglvindHer kjøyrer vi 5,5 knop gjennom vatnet, men går 3,5 knop frammpover på GPSen. Arnt er like blid:-)Deilig å segle genaker igjen, ikkje mykje i bruk i KaribienFlott segl som gjer bra framdriftNår eg no sit og skriv dette er vi på veg til Dublin. Vi gjekk i går klokka 09:00, og reknar med å vere framme i dag rundt klokka 14:00 Skal prøve å få plass heilt inne i byen slik at vi slepp å ta buss og greier inn til sentrum. Har hatt flott seglføre i dag, og fekk endeleg lufta Genakeren igjen. Vinden løyar mykje no på natta, så det spørst om det ikkje blir motorføre resten.

Er forresten litt uvant å gå langs land igjen. Masse lys og trafikk å følgje med på. Og så har du tidevatnet. Med 5,5 knop igjennom vatnet varierte GPS-farten frå 3,5 til 7,5 knop! Når vi går så lange distansar som no jamnar det seg no ut, men vi lyt nok til å time avgangen litt for kortare distansar framover…

Vi har ikkje heilt 100% plan for framdrifta oppover no, men ser at intensjonen vi eigentleg hadde om å rekke heim til Florø 27.juni ikkje held. Det blir rett og slett for lita tid til Irland og Skottland. Vi har difor endra ETA (Estimated Time of Arrival) til laurdag 4.juli. Men som alltid når ein fer rundt i ein seglbåt, det er vær og vind som avgjer (samt at vi kanskje enno er litt på Caribbean time), men dersom føret over Nordsjøen blir bra er det altså det som er planen no..

5 kommentarer til “Kinsale”


  1. 1 Geir Otto Høvik

    Velkommen hjem til kulden igjen! Vi har fulgt med på hele din tur Sten, og har sett skiftet fra en bleik start til en tur fyldt med opplevelser der er få forunt. En opplevelse og reise det står dyp respekt av. Det er kun sjarmør-etappen som står igjen, men det er vel ingen problemer for Capt’n!

  2. 2 Odd Jarle

    Håpar bacalaoen smakte godt - sjeldan fisk har reist så langt!
    Eg syns de skal nyte tida, ikkje stresse over Nordsjøen og drøye ETA ei veke til! Då er det jo FotballFLora også.

  3. 3 Hjalmar

    Uff da… Den helga får eg besøk av 3 klassekameratar frå STF og får ikkje delta på heimkomsten. Men det kan vi ikkje gjere noko med. Kom heim frå Tyskland (Waltorp)i går heilt utslitt etter 2600 km på MC fra torsdag til mandag. Kos dokke vidare og få med dykk alt de kan. Huks at de representerer norske vikingar når de er i land!!! :-)

  4. 4 Kari Klok

    Selv om forberedelsene til heimkomst av Tempest er i full gang til Veiking så er vi fleksible mennesker og kan forskyve det en uke (mottagelsen av Tempest altså):) det er utrolig flotte bilder dere har fått tatt! Eg begynner å innse at reint vær messig så tror eg doke må ha hatt det langt tøffere enn vi hadde fra st. Martin (om eg skal være litt ego så er eg litt glad for det;)) Arnt fikk kanskje litt bakoversveis når han kom ombord på Tempest eller fikk dere bort banan sporene?! Ellers så er det faktisk ikkje noke vær å komme heim til, så bruk så lang tid som mulig i irland… Ship ahoy!

  5. 5 Ola

    hm… Vi begynner på ferie 26. juni. Hvor er dere da? kanskje vi får tid å besøke dere likevel? Lisa

Skriv en kommentar