Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi prøvde å få plass heilt inne i bykjerna av Dublin, men det var vistnok berre for større skip og prydskuter. Kvifor vi ikkje gjekk inn under den kategorien veit eg ikkje, men vi fekk istaden plass i Poolbeg marina som er ca 30 min til fots frå sentrum. Dagen etter kom også Pigalopp, og vi blir begge liggande her til iallefall fredag.
Dublin er den første storbyen vi har vert i på veldig lenge. Er litt deilig å gå rundt og berre observere. Mykje rart å sjå på, og vi har inntrykk av at det er ein koselig by med mange lokale pubar i typisk Irsk stil. Må innrømme at eg spesielt fall for ei kirke som er omgjort til utestad. Pub i første etasje, restaurant på galleriet og utegrill der man normalt sett skulle hatt kirkekaffien etter gudstjenesta. Hadde dei hatt ein menighet trur eg kanskje eg hadde søkt om opptak
I dag har eg sjølv tilbragt tida i båten med god Internettforbindelse. Har ein del forsømte oppgåver på Seiltur.no som eg må ofre litt tid. Men Caroline og Arnt har fortsatt å utforske Dublin, og tar heldigvis mange bilde så eg får sett litt eg og Avsluttar med to bildeseriar som talar for seg sjølv:
5 kommentarer til “Dublin”