Bangor og Belfast

Guinnes tappa på ordentleg vis på toppen av Guinnesmuseumet.TurboTurist i toetasjesbuss gjennom DublinVandring i Guinnesmuseumet som var i dei gamle produksjonlokaleneNo er verkeleg mannskapet på TurboTempest inne i ein TurboTurist periode her. På to døgn har vit tatt Sightseeingbuss i Dublin, besøkt Guinnesmuseumet, segla nattseglas til Bangor, tatt toget til Belfast og tatt Seightseeingtaxi der. No vurderte vi å ta nattseglas på direkten over til Scotland der vi skal igjennom Crinan kanalen, men det viser seg at vi då vil gå mot straumen uti fjorden her.

Vi reiser i lag med Pigalopp for tida, og har blitt smitta av “ha kapellet på under seglas” syndromet. Var litt varmt og godt på nattevakta faktisk!I Irskesjøen er ikkje det noko sjakktrekk å ikkje ta høgde for straumane. Utan vind går vi om vi er heldige 5,5 knop for motor. Med ein motstrum på 3,5 knop vert det ikkje rare framdrifta igjen! På turen fra Dublin og opp hit trur eg vi satte ny rekord for TurboTempest for motor: 8,1 knop «over grund» (med turtal på økonomifart)! Men det er kanskje like greit, så får vi oss ei heil natts søvn heile gjengen.

BelfastVår Taxiguide viser oss minnetavle over drepte sivile.På den eine sida av muren er det ein veg mellom muren og busetninga.Her er det ingen veg imellom muren og busetniga, så her er hagane godt beskytta mot flasker og steinar som vart kasta over.Eit av dei berømte veggmåleria.Fleire av måleria vert overmala, og skal erstattast med meir fredlege motiv.I Belfast hadde vi tenkt å ta Sightseeingbuss, men dei hadde slutta å gå for dagen. Det viste seg heldigvis at Taxiane også hadde eit opplegg, som til og med var billegare, så vi endte opp med ein pratesjuk (men dyktig) sjåfør som gav oss vår eiga omvisning og fortelling. Veldig merkelig å sjå og faktisk tenke at desse konfliktene (sjølv om dei ikkje er så valdelege lenger) fortsatt pågår i eit så pass sivilisert samfunn.

Ja, det gjør vi og!Tempest - ein damemotebutikk!?!I morgon tidleg kryssar vi Irskesjøen og reknar med å ankomme Skottland og innløpet til Crinankanalen utpå kveldinga ein gong. Det vil sei dersom eg har lest tidevannstabellane rett!

Kommentarer

Ett kommentar til “Bangor og Belfast”