Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
No er verkeleg mannskapet på TurboTempest inne i ein TurboTurist periode her. På to døgn har vit tatt Sightseeingbuss i Dublin, besøkt Guinnesmuseumet, segla nattseglas til Bangor, tatt toget til Belfast og tatt Seightseeingtaxi der. No vurderte vi å ta nattseglas på direkten over til Scotland der vi skal igjennom Crinan kanalen, men det viser seg at vi då vil gå mot straumen uti fjorden her.
I Irskesjøen er ikkje det noko sjakktrekk å ikkje ta høgde for straumane. Utan vind går vi om vi er heldige 5,5 knop for motor. Med ein motstrum på 3,5 knop vert det ikkje rare framdrifta igjen! På turen fra Dublin og opp hit trur eg vi satte ny rekord for TurboTempest for motor: 8,1 knop “over grund” (med turtal på økonomifart)! Men det er kanskje like greit, så får vi oss ei heil natts søvn heile gjengen.
I Belfast hadde vi tenkt å ta Sightseeingbuss, men dei hadde slutta å gå for dagen. Det viste seg heldigvis at Taxiane også hadde eit opplegg, som til og med var billegare, så vi endte opp med ein pratesjuk (men dyktig) sjåfør som gav oss vår eiga omvisning og fortelling. Veldig merkelig å sjå og faktisk tenke at desse konfliktene (sjølv om dei ikkje er så valdelege lenger) fortsatt pågår i eit så pass sivilisert samfunn.
I morgon tidleg kryssar vi Irskesjøen og reknar med å ankomme Skottland og innløpet til Crinankanalen utpå kveldinga ein gong. Det vil sei dersom eg har lest tidevannstabellane rett!
1 kommentar til “Bangor og Belfast”