Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Det er eit eller anna med oss og kanalar, det blir lågt skydekke og regn. Slik var det igjennom heile Nederland i fjor, og slik er det no. Ikkje mykje å ringe heim om!
Det som derimot var noko å ringe heim om, var sjølve kanalen. Det her var idyllisk. Kunne godt tenke meg å ta ein sommarferie og segle tilbake hit for å bruke litt lenger tid. I godt sommervær er det nok heilt fantastisk å gå Crinankanalen.
Vi fekk faktisk ein del oppmerksomhet fordi det var Caroline som styrte Tempest igjennom kanalane. På det tettaste er det praktisk å ha flest på land, og det held med ein i båten. Moro å gå på land og observere at det nok enno er litt uvanleg å sjå kvinner bak roret medan mannfolka spring med tau og fendrar.
Kanalen tok ein god arbeidsdag å komme igjennom. Er ein del venting dersom det er mykje trafikk, men i dag gjekk det egentleg ganske greit. Dei fleste slusene må vi opperere sjølve. Sveive ned, opne, kjøyre inn, stenge, sveive opp igjen på andre sida, opne og kjøyre ut. Ingenting er automatisert, så det gjeld å lære seg triksa for å få det til å gå lett. Presonellet i inngangen var pensjonistar som hadde dette som sommeraktivitet. Dei var veldig hyggelige, og hjalp oss igjennom den første slusa slik at vi skulle få sjå kossen det fungerte. I det heile tatt god stemning langs heile kanalen, alle helsar og pratar i vei, og vi var unda fotoobjekt for turistane på land.
No ligg vi i enden, rett før “Sealocken”. I morgon skal vi gå til Oban der vi skal ta eit Whiskeydestileri litt nærare i ettersyn. Der mønstrar også Anja på igjen, så då vert mannskapet resten av turen komplett; Ein skipper, ein 1st Mate og to admiralar
1 kommentar til “Crinankanalen”