Dei siste åra har Oban whisky vert min absolutte favoritt, og det var med stor iver eg oppdaga at destilleriet låg midt i seglingsruta heimover. Vi måtte sjølvsagt ta ein stopp, og har i dag fått omvising i fabrikklokala.
Seglturen frå Crinan til Oban var ein fantastisk tur igjennom eit solrikt og flott Skotsk grønt landskap. Det var som eg sa, i det vi var ute av slusene snudde været! No er det sommer og sol, og vi nyter litt varme igjen
I Oban mønstra Anja på igjen, og Tempest har no den bemanninga vi kjem til å ha heilt til Florø.
Vi gler oss no til å ta fatt på slusene i Caledonienkanalen. I morgon tidleg legg vi utpå igjen. Ikkje so langt i morgon, berre nokre og tjue nautiske opp til starten på kanalen.
Det er ingen marina på fastlandssida i Oban, men vi ligg i ein grei marina rett over bukta. Dei har eigen watertaxi som køyrer oss gratis til og fra sentrum ein gong i timen.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Dere kommer dere aldri gjennom alle de slusene nå, etter at dere har besøkt destilleriet
He - nei du har eit poeng! I tillegg står det advarsel om at man må ta hensyn til at vi flyter tyngre i ferskvant :-O
Hallaien gutter.
Gled dere til Caledonie kanalen, helt supert.
Vi er no vel o heimen igjen med sol og 27 grader idag.
Skikkelig vestlands sommer.
God tur vider og så får vi håpe vi treffes endag.
God klem fra oss
hei hei det høres ut som om dere koser dere men pass no på at dere ikke “drukkner” i alle destillerier! Vi vil ha der heim snart!
26 june 2009
It looks like you are having a very good time! I hope that you enjoy all of the Guinness. Good luck with this trip.
Edward
E dåkke fortsatt på whiskyfabrikken? 3 dager? På tide å sette seil og komme seg over nordsjøen. Her er kjempevær så seilasen må vel bli fin tenker eg. God tur vidare.