Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Etter å ha blitt slusa oppover ein dag, tok vi første natta i kanalen på innsjøen Loch Oich. Det er eit fantastisk landskap å “segle” igjennom, og med det været vi endeleg har blitt velsigna med, er det heile ei fantastisk oppleving. Alle slusene og bruene er oppererte her, så vi gjer ikkje anna enn å halde våre eigne tau medan vatnet stig eller synker i slusa.
Ombord i Tempest fungerer alt veldig bra om dagen, vi har ei fin arbeidsfordeling; Caroline styrer og manøvrerer båten, Anja tar hekktampen, Arnt tar baugtampen og eg er Kaptein. Så i heile dag har eg ikkje gjort anna enn å sitte på bommen og bivåne alle turistane som er veldig ivrege med å fotografere oss. Skikkeleg ferie
No ligg vi i innløpet til Loch Ness, i ein koseleg liten by som heiter Fort Augustus. Den er bygd opp kring 8 sluser som dannar ei trapp ned til Loch Ness. Vi kom fram tidleg, og har nett vert på land i lag med Pigalopp og har så vidt smakt på den Skotske retten Haggis. Nydelig! I morgon tidleg legg vi over innsjøen Loch Ness, og håpar vi blir dei første på veldig mange år som får eit glimt av Nessie
2 kommentarer til “Caledonien - Fort Augustus”