Inverness - siste stopp før vi er heime!

Her ligg vi i Inverness og klargjer for Nordsjøen. Arnt er i masta og tar riggsjekk, standardrutine før havkryss.Anki og Jonathan mater endene.Så ligg vi i Inverness. Dette er siste stopp før Norge, og vi jobbar no med å klargjere Tempest for sitt siste havkryss i denne omgangen. Det ser ut til at det blir i minste laget med vind, så no er det motorservice og fylling av diesel som står på programmet, sjølv om kapteinen har ein hemmelig draum om å kunne gli fint over med Genaker.

Vi kunne ikkje segle over Loch Ness utan å gjere eit ærleg forsøk på å finne Nessie.Det gjekk rykte om at Nessie likte Vaniljesukker, men det var dei utsolgt for på butikken. Man tager vad man haver, og denne gangen var det Vanilje Nesquik.Loch Ness, og her bor nok fortsatt NessieDen siste etappa ned Kaledoniakanalen besto mellom anna av å segle over den berømte innsjøen Loch Ness. Den er på det djupaste over 300 meter djup, og det er her den berømte sjøormen Nessie held hus. Vi kunne sjølvsagt ikkje la vere med å prøve fiskelukka, kanskje fekk vi Nessie på kroken? Vi hadde fått eit tips om at den likte Vaniljesukker, men det tipset var vi vist ikkje aleine om å ha fått. Det var dei nemleg utsolgt for på butikken i enden av Loch Ness. Heldigvis hadde vi arva ein boks Vanilje Nesquik av Pigalopp, vi tenkte det måtte no gjere nytta. Men nei, eg kan glede alle med at dersom ikkje Endely verkeleg har tatt den med, så lever Nessie fortsatt i beste velgåande i den mystiske innsjøen Loch Ness.

Godt det er skilta, hadde vert uheldig å ikkje svinge her ;-)Skotland er kjend for sine slott, og dei har vi sett ein del av. Denne ruinen ligg midt på LochNess.Ellers har både Crinan- og Kaledonienkanalen vert ei oppleving vi absolutt kan anbefale. Litt dyrt, vi betalte 260 pund for begge (rabatt når du kjøper for begge innanfor 14 dagar), men det er fort tent inn igjen dersom alternativet var å ligge i dei overprisa marinaene ellers i England.

I det vi kastar loss frå Inverness i kveld er det for siste gong før vi er tilbake i Norge. Vi har valt å gå rett til Florø. For meg personlig blir det ein slags dobbel heimkomst. Eg har i løpet av dette året bestemt meg for å forlate Oslo og flytte “heim igjen” til Florø. Så om eit eventyr no går mot slutten, vel eg å se på det som om at det er eit nytt som tar til. No blir det spennande å sjå om Florø har bruk for ein automasjonsingeniør med 12 års industri- og eit års segleerfaring…

Vi klappar til kai ved Quality Hotell laurdag 4.juli klokka 13:00 og blir liggande der nokre timar. Dersom nokon vil komme å ta imot tampen set vi sjølvsagt stor pris på det :-)

10 kommentarer til “Inverness - siste stopp før vi er heime!”


Skriv en kommentar