Skotland - Norge dag 2

Tempest er i sitt ess :-) Lite vind, men akkurat nok til at vi med fulle segl, og tidvis Genaker, held grei fart mot mål. Har god tid i forhold til å være inne laurdag, så vi kan tillate at farten i periodar fell ein del.

At nordsjøen skulle bli det enklaste krysset på dette året hadde eg vel ikkje sett føre meg på førehand. Men slik den framstår no er det berre idyll. Vi har hatt tåke i natt, men utstyrt med både radar og AIS er ikkje det noko problem. Vi høyrer ein del aktivitet frå plattformar og skip i forbindelse med dei på kanal 16, men har ikkje sjølv kome opp til dei store felta enno. Eg er litt snurt for at Arnt og Caroline har sett oljeplattform på nattevakta. Det har eg aldri sett, men vi nermar oss vel snart dei store installasjonane… No på morgonen har også tåka letta, og sola ser ut til å ville gje oss ein flott dag på “fjorden”.

Ellers er det rimeleg tomt på VHFen. Har slutta og scanne kanal 73 på grunn av nokre fiskarar som ikkje akkurat imponerar med sangstemmen. Det er vel dessutan ingen langturseglarar rundt oss no lenger, etter at vi mista kontakten med Pigalopp som for til Stavanger. Men vi lyttar jo til 16 dersom nokon skulle være uti her og vil ha kontakt. Kall på Tempest, så blir vi glade!

Lano2, har ikkje nokon eigendomsmeglar på hand, men om huset står i stil med båten burde du no komme godt ut av det. Var det fortsatt slik at du ville at eg skulle ta transportetappene, skal eg berre pakke skipssekken og komme nedover? ;-)

Alt vel ombord, Caroline sin middagsdag i dag, og vi gler oss :-)

7 kommentarer til “Skotland - Norge dag 2”


  1. 1 Ola

    Ligger på hytta i dag og holder på å smelte vekk! 30 grader i skuggen og hytta skal malast og kjerringa har mista motet etter linolje-blæring på hytteveggen…… Deilig med ferie!
    Kjekt å sjå at Tempest snart snusar på norskekysten att. Ser fram til å helse på mannskapet og den nye flora-borgaren som Firrdaposten melder om:) Vi såast på kaia på laurdag!

  2. 2 Ola

    ……Ps Kvifor har de slutta med kartposisjon?

  3. 3 Torvald og Hanne

    En liten hilsen fra tante Solveig og onkel Brynjar som kom overraskende innom her i Andebu nå i ttermiddag og oss 2 :
    Velkommen tilbake til Norge til lørdag!!!

  4. 4 Bjørn-Åge og Elisabeth

    Send en hilsen fra meg når dere passerer Brage og god tur videre.
    Har vert i seilforeningen i dag og vasket Endely.
    Hilser og klemmer fra oss.

  5. 5 lano2

    Selvfølgelig må du hjelpe oss med de lange etappene !! :-)
    Jeg tror du har et par år på å hvile ut, før skipssekken kan pakkes ;-) ( 40 årsdagen min er om et par år til )

    Hvilken lugar vil du ha, så kan jeg allerede nå sette navnet ditt på døra ? :-)

  6. 6 Henrik Grotle

    Det er for lite vitser her for tida, så her kjem ein:

    To ender svømte rundt i ein dam, den eine sa “Kvakk!” då sa den andre: “Hei! Eg skulle til å sei det der!”

  7. 7 Gjertrud

    Må ein mild solgangsbris ynskja dykk velkomne og ei frisk havgula føra Tempest trygt til Florø! Eg skulle så gjerne stått på kaien og teke imot tampen!Til lukke så langt, og takk for fylgjet med fine boggar og flotte bilete!Eg kjem til å sjå etter Tempest på Sognefjorden.- Lukke til vidare på livets seilas!
    Helsing ho bestemori frå Sogn.

Skriv en kommentar