Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Man kryssar ikkje Nordsjøen utan ein kuling Vi går i mot vær og vind, så det går litt tregt. Sidan dei melder at det skal blåse opp utover kvelden velger vi å gå inn til land så snart vi kan, så får vi heller ta ei kunstpause og sove litt på morgonkvisten før vi tar sjarmøretappa heilt inn til planlagt tid.
Hadde ein fantastisk dag i går med sommertemperaturar og masse skip og platformar å sjå på. I natt begynte det å blåse opp litt, ikkje mykje, men det som er får vi rett imot. Lite gunstig for ein seglbåt.
Har snakka med fleire skip på VHFen på dette strekket enn eg har gjort heile resten av året tilsaman. Masse båtar som slepar rundt på lange seismikkablar som helst ikkje vil ha oss for nær. Vi legg om og legg om, og ei stund lurte eg på om vi måtte gå sørover for å komme fri. Men no ser det ut til å gje seg. Berre skodda lettar og no, så blir det nok sommer i dag og!
Alt vel ombord.
2 kommentarer til “Skotland - Norge dag 3”