Tempest i Florø!

Flott velkomstkomite!Så var vi ved veis ende. Ankom Florø i dag klokka 13:00, og la til ved ei full hotellkai. Ikkje full av båtar, men av ventande familie og vennar. Etter å ha blitt eskortert inn Florøvika av 5 båtar var det ei flott finale på turen.

No er det stellt i stand stor fest i hagen til Pappa, så eg lyt komme tilbake med bileter frå siste delen av turen, samt ein liten takketale til alle som har fulgt oss. Vi har satt stor pris på alle kommentarar i løpet av ditta året! Skulle de være nokon av dykk her i Florø, er det berre å stikke innom Brendøyvegen 1 utover kvelden :-)

13 kommentarer til “Tempest i Florø!”


Skriv en kommentar