Forfatterarkiv for Sten Ingve Hellevang
Man kryssar ikkje Nordsjøen utan ein kuling
Vi går i mot vær og vind, så det går litt tregt. Sidan dei melder at det skal blåse opp utover kvelden velger vi å gå inn til land så snart vi kan, så får vi heller ta ei kunstpause og sove litt på morgonkvisten før vi tar sjarmøretappa heilt inn til planlagt tid.
Tempest er i sitt ess
Lite vind, men akkurat nok til at vi med fulle segl, og tidvis Genaker, held grei fart mot mål. Har god tid i forhold til å være inne laurdag, så vi kan tillate at farten i periodar fell ein del.
Så var vi i gang igjen. Siste havkrysset før Florø. Merkar at rutinene setter seg raskt no på heimturen i og med havkryssa kjem so tett
Så ligg vi i Inverness. Dette er siste stopp før Norge, og vi jobbar no med å klargjere Tempest for sitt siste havkryss i denne omgangen. Det ser ut til at det blir i minste laget med vind, så no er det motorservice og fylling av diesel som står på programmet, sjølv om kapteinen har ein hemmelig draum om å kunne gli fint over med Genaker.
Etter å ha blitt slusa oppover ein dag, tok vi første natta i kanalen på innsjøen Loch Oich. Det er eit fantastisk landskap å “segle” igjennom, og med det været vi endeleg har blitt velsigna med, er det heile ei fantastisk oppleving. Alle slusene og bruene er oppererte her, så vi gjer ikkje anna enn å halde våre eigne tau medan vatnet stig eller synker i slusa.
Så var Obanbesøket over, og vi har hatt ein nydeleg dag på fjorden (9,2 knop for motor igjennom eit sund med rimeleg sterk strum!) inn mot Fort Williams som er der Caledonienkanalen starter. Den går herifra til Inverness, er ca 50 nautiske mil lang, har 29 sluser og 10 svingebroer. Den opnet første gang i 1822 og var ei viktig transportkjelde mellom Nordsjøen og Atlanteren.
Så var det krysning av Irskesjøen. Det går unna når ein treff på straumane. Nøye planlegging av tidevatn og strum gav oss rekordtempo over til Skotland. Ellers er det ikkje mykje å skrive om denne dagen, nitrist vær. Ingen vind og lågt skydekke gav motorbåttur med kalesja på… Men vi kom oss no til Skottland, og i morgon er det Crinankanalen!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





