Når og kvifor eg starta å planlegge ein slik tur, er eg langt frå sikker på. Har alltid vore fasinert av menneske som klarar å bryte ut av A4 livet og gjere noko anna. Sjølv har eg stort sett tatt enkle og ukontroversielle val i livet. Allmennefag, ingeniørhøgskole, militæret og jobb. Alt i kronologisk rekkefølgje, og utan pause undervegs. Med andre ord; Følgd den same vegen som alle andre; trygt og godt, men utan dei heilt store utfordringane.

Etter at arbeidslivet tok til i Oslo i 1997 kom eg inn i ein trall som for så vidt har vart til no. Same jobb, berre et eigarskifte undervegs. Same bustad, berre eit skifte av leilegheit undervegs. Rundt meg etablerer alle seg og opplev lukka i form av familie og born. Fritida endrar seg gradvis og inntek ei veldig forutsigbar og sett form. Livet går sin gang, og oftare og oftare kjem tankane om å gjere noko alternativt. Ein veit kva ein har, men ikkje kva ein går glipp av!

Det var min gode ven Skjalg som første gang fekk meg til å sjå at eg kunne gjere som eg ville, om eg berre ville det nok. Ein sein nattetime der eg nok ein gong sat i drøymande tankar om et år på segltur, spurde han; kvifor ikkje? Dersom eg selde leilegheita hadde eg jo økonomi til å gjennomføre det, og kva ville forsvinne om eg tok eit år på loffen? Utdanninga har du, arbeidserfaring har du, og jobb får du nok alltids igjen. Kva hindrar deg? Vil du eigentleg? Tør du eigentleg?

Tankane vart meir og meir fokusert på at dette var gjennomførbart. Då eg etter fem år i ein 22 fots Columbie 66 fekk høve til å skaffe ein større båt, valte eg utifrå at båten skulle kunne brukast på ein lenger tur. Eg lånte til rett over pipa, og satsa på at lånerenta ikkje skulle gå heilt i taket.
Tempest

Men, eg kunne jo ikkje reise åleine. I ein ferie sat eg heime hos far min i Florø og la ut om draumen til brørne mine. Yngste bror er litt i same situasjon som meg, etablert utan å vere etablert, og eg utfordra han til å vere med: “Kor mange gongar i livet vil du oppleve at bror din nærast står klar på kaia til å reise? Eit år på tur, fri frå kvardagslivets mas og kjas. Det einaste du treng er å ordne med jobben samt skaffe litt kapital til daglige utgifter undervegs…” Eg trudde ikkje han tok det så alvorleg, og la det eigentlig litt på hylla. Der låg det, til vi i påska 2007 var på familiehyttetur i Vrådal. Temaet kom opp igjen, og broderen hadde tydeleg tenkt meir på dette enn det eg hadde oppfatta. Vi sa; «kvifor ikkje!» i kor! Turen nærma seg ein realitet!

Begge har gitt sine respektive arbeidsgjevarar over eit års varsel, og dei har kvittert med å innvilge permisjon og ønske god tur!

Økonomisk gjennomfører vi prosjektet ved at eg sel leilegheita, og dermed vert gjeldfri. Sidan båten er registrert i NOR kan eg då ta pant i den, og ta opp eit fleksilån for å dekke inn utgifter undervegs. Banken har godteke at båten er ein bustad, og dermed kvalifiserer til å innfri vilkåra i fleksilånordninga. Når turen er over kan eg selje båten og innfri lånet. Kanskje bur eg i båten nokre år, men det valet får eg ta når eg kjem heim att. Noko økonomisk god idé er turen ikkje, det vil vel ein slik tur aldri bli, men litt må ein ofre for å få det til. Broderen sel bilen og satsar samstundes på å studere litt undervegs slik at lånekassen kan vere med på finansieringssida.

Så til alle andre som drøymer om ein slik tur; inviter Skjalg på ein fest så får du eit anna syn på kva som er mogleg og ikkje mogleg. Så snart eg skjøna at det var gjennomførbart og fekk vekk alle dei tradisjonelle sperrene, har resten falle på plass nær av seg sjølv. Og berre for å ha sagt det: eg er på ingen måte nokon eventyrar eller globetrottar. Hadde nokon fortalt meg for nokre år sia at i 2008 sel eg leilegheita for å dra på eit års segltur til karibien, hadde eg ledd det vekk og skjenka ein runde til i glasa!