Arkiv for kategorien "Korte meldingar"
Vi ligger nå på Aker Brygge, og har berre ein time igjen til avgang. Vi har fått mange lukkeønskingar på telefon i løpet av dagen, og har no besøk i båten før avgang. Vi kjenner at det skal bli godt å komme i gang med sjølve turen no, det har vert ein hektisk innspurt. Men kl.18:00 er vi på veg til Karibien!!! ![]()
Det nærmar seg avreise. Vi har ikkje eit snev av reisefeber enno, og er litt usikre på om vi kjem til å få det. Det er hektisk i innspurten, og gjeremålslista går ikkje opp i forhold til tida som er att. Å tenke over kva vi no er i ferd med å legge ut på har vi ikkje funnet tid til enno…
MEN, det begynner å gå seg til. Bengt har reinteikna elektroskjema, så no stemmer kart og terreng igjen! Vi har fått testa kartplotter og radar, VHF og satellittelefon. Det einaste som ikkje fungerer no er Tricoloren og AISen, men det er fordi vi manglar delar som vi ikkje får tak i før på måndag. Ellers er faktisk alt det tekniske i båten oppe å går
Tida går, det er under 3 veker igjen til avreise. Vi er i Oslo begge to, og har definert denne perioden som ein arbeidsleir. Sjølv om det er varmt og klamt og ikkje minst trangt å montere i båt, blir motivasjonen opprettholdt av det som ligg føre oss. Eit år på segltur! Det er nesten så det begynner å gå opp for oss at vi faktisk skal i veg…
Både kaptein og førstestyrmann har no tatt fatt på den siste arbeidsveka. Tempest ligg hos Lunde Båt A/S for å få installert kutterstag og forsterka roret. Sidan vi då ikkje får jobba på båten sjølve, fann eg ut at tida var inne for å lære seg å segle. Eit segltrimkurs hos Oslo Seilskole fanga interessen, og med ein dyktig instruktør og hyggelige medseglarar gav det eit godt grunnlag for å kunne arbeide vidare med forståinga kva som fungerar og ikkje fungerer av trim. Mange aha opplevingar gjer iallefall ein god følelse av at ein har lært noko nyttig.
På måndag kjem Arnt til Oslo, og frå då av er det kun arbeid med Tempest og anna klargjering til turen som står på programmet. Kun kort tid igjen, og vi er proppfulle av pågangsmot og reisefeber ![]()
Det er rart kor mykje ein kan kvie seg til noko ein ikkje har heilt kontroll på. Vi har så langt jobba med elektro og enklare monteringsarbeid i båten, og det føler vi går greit. Men det har heile tida gnage i bakhodet at når båten ligger på sjøen skal masta på igjen. Som eg har skrive før gjekk det nesten galt når vi skulle ha den av.
Fortsett å lese ‘Masta er på’
For atlanterhavskrysset er det populært å delta på ARC. Grensa på 225 båtar er no nådd, og dei har gått over til å registrere dei som melder seg på venteliste.
13 norske båtar er påmelde. Du finn lista her. Vi har ikkje full oversikt over alle båtane som skal over, men det er mange båtar som reiser uavhengig av ARC også.




Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.




