Arkiv for kategorien "Reisebrev"

Tempest i Florø!

Flott velkomstkomite!Så var vi ved veis ende. Ankom Florø i dag klokka 13:00, og la til ved ei full hotellkai. Ikkje full av båtar, men av ventande familie og vennar. Etter å ha blitt eskortert inn Florøvika av 5 båtar var det ei flott finale på turen.

Fortsett å lese ‘Tempest i Florø!’

Skotland - Norge dag 3

Man kryssar ikkje Nordsjøen utan ein kuling :-) Vi går i mot vær og vind, så det går litt tregt. Sidan dei melder at det skal blåse opp utover kvelden velger vi å gå inn til land så snart vi kan, så får vi heller ta ei kunstpause og sove litt på morgonkvisten før vi tar sjarmøretappa heilt inn til planlagt tid.

Fortsett å lese ‘Skotland - Norge dag 3′

Skotland - Norge dag 2

Tempest er i sitt ess :-) Lite vind, men akkurat nok til at vi med fulle segl, og tidvis Genaker, held grei fart mot mål. Har god tid i forhold til å være inne laurdag, så vi kan tillate at farten i periodar fell ein del.

Fortsett å lese ‘Skotland - Norge dag 2′

Skotland - Norge dag 1

Så var vi i gang igjen. Siste havkrysset før Florø. Merkar at rutinene setter seg raskt no på heimturen i og med havkryssa kjem so tett

Fortsett å lese ‘Skotland - Norge dag 1′

Inverness - siste stopp før vi er heime!

Her ligg vi i Inverness og klargjer for Nordsjøen. Arnt er i masta og tar riggsjekk, standardrutine før havkryss.Anki og Jonathan mater endene.Så ligg vi i Inverness. Dette er siste stopp før Norge, og vi jobbar no med å klargjere Tempest for sitt siste havkryss i denne omgangen. Det ser ut til at det blir i minste laget med vind, så no er det motorservice og fylling av diesel som står på programmet, sjølv om kapteinen har ein hemmelig draum om å kunne gli fint over med Genaker.

Fortsett å lese ‘Inverness - siste stopp før vi er heime!’

Caledonien - Fort Augustus

Flott landskap å segle i.Den flottaste slusa so langt. Han var litt stolt vokteren som tydelegvis satte æra si på å halde alt vellstelt.Etter å ha blitt slusa oppover ein dag, tok vi første natta i kanalen på innsjøen Loch Oich. Det er eit fantastisk landskap å “segle” igjennom, og med det været vi endeleg har blitt velsigna med, er det heile ei fantastisk oppleving. Alle slusene og bruene er oppererte her, så vi gjer ikkje anna enn å halde våre eigne tau medan vatnet stig eller synker i slusa.

Fortsett å lese ‘Caledonien - Fort Augustus’

Caledonien - Corpach

Så var Obanbesøket over, og vi har hatt ein nydeleg dag på fjorden (9,2 knop for motor igjennom eit sund med rimeleg sterk strum!) inn mot Fort Williams som er der Caledonienkanalen starter. Den går herifra til Inverness, er ca 50 nautiske mil lang, har 29 sluser og 10 svingebroer. Den opnet første gang i 1822 og var ei viktig transportkjelde mellom Nordsjøen og Atlanteren.Gateway til Florø ;-)Ein stor Jeanneau på innsida, ein stor Benetau på utsida, men kor er alle? I den lille Bavariaen i midten :-)Koseleg familie ute på tur.

Fortsett å lese ‘Caledonien - Corpach’

Oban - single malt :-)

Oban sitt destilleri ligg midt i sentrum.Tempestmannskapet samla på Oban destilleri.Dei siste åra har Oban whisky vert min absolutte favoritt, og det var med stor iver eg oppdaga at destilleriet låg midt i seglingsruta heimover. Vi måtte sjølvsagt ta ein stopp, og har i dag fått omvising i fabrikklokala.

Fortsett å lese ‘Oban - single malt :-)’

Crinankanalen

Arnt falt for denne litt antikke telefonkiosken. Var faktisk i bruk.Det er eit eller anna med oss og kanalar, det blir lågt skydekke og regn. Slik var det igjennom heile Nederland i fjor, og slik er det no. Ikkje mykje å ringe heim om!

 

Fortsett å lese ‘Crinankanalen’

Over til Skottland

Caroline prøvar å sjå positivt på været.Deilig og lunt under kalesja.Arnt speidar og speidar, men er ikkje langt vi ser Godt vi har AIS og radar!Så var det krysning av Irskesjøen. Det går unna når ein treff på straumane. Nøye planlegging av tidevatn og strum gav oss rekordtempo over til Skotland. Ellers er det ikkje mykje å skrive om denne dagen, nitrist vær. Ingen vind og lågt skydekke gav motorbåttur med kalesja på… Men vi kom oss no til Skottland, og i morgon er det Crinankanalen!