Arkiv for kategorien "Sponsorar"
Ikkje berre har Sønnico Installasjon avd. Florø gitt eit års permisjon til vår 1st mate, dei har også vert fleksible med arbeidstid i planleggingsfasen. Utan den fleksibiliteten frå arbeidsgjevar si side ville planlegginga av turen ha vore ein langt tyngre prosess. På toppen av det har Sønnico også valgt å sponse Tempest med diverse elektromateriell!
Tempest med mannskap takkar for all velviljen Sønnico Installasjon avd. Florø har vist!
Forutan å gje skipperen eit års permisjon har PLS-teknikk a/s også sørga for at vi skal kunne halde omverda orientert om kvar vi er. Satellittelefon, eller anna kommunikasjon som gjer mulighet til å sende mail frå havet, er eit av sikkerhetskrava som må oppfyllast for å kunne delta på ARC. Vi takkar PLS-teknikk a/s for støtten, og lovar å sende mange oppdateringar via satellitt når vi seglar på havet.
Vi har oppdatert kontaktsida, der står det også korleis dykk kan sende oss meldingar på satellittelefonen.
Staro Tech AS er ei mekanisk bedrift som sit på høg kompetanse og ein moderne maskinpark. Dette er bedrifta som ser løysingane på andre sine utfordringar. Staro Tech AS finn du i Danielsvika 2, 6900 FLORØ. Du når dei på telefon 57 74 04 22 eller på mail.
Tempest er glad for å ha denne kreative bedrifta i ryggen når vi legg ut på tur, og takkar so mykje for bidraget. Vi let oss nok ein gong imponere av velviljen til eit Florøfirma!
Vi har nok ein gong møtt på eit velvillig Florøfirma! Solheim Diesel har topp kompetanse på Volvo Penta motoren som sit i Tempest, og har sponsa turen med nødvendige reservedelar.
Vi har møtt stor velvilje hos Solheim Diesel. Ikkje berre har dei sponsa delar og reservedelar til motoren, dei bidreg også med gode råd og tips. Ei stor takk frå Tempest med mannskap!
Ein tur av ei slik lengde som Tempest blir utsett for stiller store krav til elektrisk installasjon, og ikkje minst ein skikkeleg batteripakke. Dei eksisterande batteri på Tempest var gamle og klar for utskifting.
Fortsett å lese ‘Verktøy Maskin AS stiller med batteripakke’
Vi har i dag fått beskjed om at Onninen Express avdelig Florø vil sponse oss med kablar og koblingsmateriell!
Vi skal trekke nye og betre kablar til viktig kommunikasjonsutstyr i masta, samt skifte mykje anna kabel i båten. Ei stor takk til Onninen Express si Florøavdeling for kablar og utstyr til å gjere denne jobben skikkeleg!