Arkiv for kategorien "Utstyr"
Det nærmar seg avreise. Vi har ikkje eit snev av reisefeber enno, og er litt usikre på om vi kjem til å få det. Det er hektisk i innspurten, og gjeremålslista går ikkje opp i forhold til tida som er att. Å tenke over kva vi no er i ferd med å legge ut på har vi ikkje funnet tid til enno…
MEN, det begynner å gå seg til. Bengt har reinteikna elektroskjema, så no stemmer kart og terreng igjen! Vi har fått testa kartplotter og radar, VHF og satellittelefon. Det einaste som ikkje fungerer no er Tricoloren og AISen, men det er fordi vi manglar delar som vi ikkje får tak i før på måndag. Ellers er faktisk alt det tekniske i båten oppe å går
Tida går, det er under 3 veker igjen til avreise. Vi er i Oslo begge to, og har definert denne perioden som ein arbeidsleir. Sjølv om det er varmt og klamt og ikkje minst trangt å montere i båt, blir motivasjonen opprettholdt av det som ligg føre oss. Eit år på segltur! Det er nesten så det begynner å gå opp for oss at vi faktisk skal i veg…
I dag har eg fått gode nyheter, Tempest skal sjøsettast i morgon kl.15:45! Straks eg fekk den avtalen bar det ned på opplagsplassen for å montere vår nye Flex-O-Fold treblada foldepropell.
Flott? Den skin so eit smykke. Som båtnaboen sa: - Det er jo nesten synd den der skal vere under vann
Slik ser den altså ut når den er folda saman…
Så var straumaggregatet kome i hus. Dette skal vi bruke i dei tilfella landstraumen manglar og Duogenen ikkje leverer nok til å dekkje forbruket. Vi har valt eit Kipor IG 1000 aggregat. Allerhelst ville vi hatt eit 2000VA aggregat, men det viste seg at storleiken på disse gjorde det vanskeleg å plassere der det var tiltenkt. Da stod valet mellom dette og Honda sitt EU10 aggregat. Skulle vi valt utifrå kvalitet ville nok valet fall på Honda sitt, men i dette tilfellet har vi valt å tenkje økonomi i første rekkje. Honda sitt aggregat er dobbelt så dyrt, men neppe dobbelt så bra.. Så får tida vise om vi vil angre.
Så har endeleg elektronikken byrja å komme i hus. Eg kan love dykk at dette er mykje moro for ein automasjonsingeniør!

Har kopla opp delar av utstyret på kontoret heime. Dette er nett slik eg hugsar julafta som liten:)
Straumforbruk er eit viktig tema ombord i ein langturbåt. Vi har skifta pære i 12 spottar for å få ned forbruket som går til rein belysning.



Vi har prøvd alle dei tre modellane som er avbilda over. Stor skilnad! Det er bare den siste (bilete til høgre) som gav lys tilsvarande dei 10W pærene vi bytta ut. Vi kjøpte den hos ultraleds. Dei var greie å handle med, og det gjekk raskt frå bestilling til levering.
Kva vi tener på det? 12 x 1,3W mot tidlegare 12 x 10W


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





