Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Bengt Sølve Hellevang
Kokk og dekksgut
Fødd 1976
ARC mannskap
Den mellomste broren. Også han elektromann. Jobbar som rådgjevande ingeniør i Rambøll i Bergen. Sambuar med Inga, som og kjem på vitjing i karibien.
Bengt kjem til å bli med på fleire etappar undervegs, mellom anna Atlanterhavet. Vi gler oss til å utnytte hans eigenskapar, då han er eit typisk a-menneske og ein ypparleg kokk! Han er ein sosial og hyggeleg fyr, god til å skape kontaktar, og vert eit godt mannskap å ha ombord!
Tord Dale
Medisinmann
Fødd 1978
ARC mannskap
Tord er ein kjenning frå politikken, som også ber på ein havseglardraum. Han er voksen opp med segling i faren sin sjølvbygde seglbåt, og realiserer havseglardraumen ved å bli med oss på ARC. Tord er den einaste vi har høyrt om som har klart å segle rett på eit høgt fjell midt i Sognefjorden! Han er difor fritatt for navigering og rormannsvakt det første og siste døgnet av Atlanterhavsseglase. Resten rekanar vi med skal gå greit
På båten har Tord tatt ansvar for medisinskapet. Han er utdanna sjukepleiar, og har erfaring frå ambulanse og akuttmottak. Eit mannskap med verdifull erfaring når vi er langt frå land!
Benny Ståle Svardal
Segltrimmar
Fødd 1974
ARC mannskap
Vår fetter Benny er ein sporty kar som gjentatte gongar stiller som mannskap på kort varsel. Han vert med over Atlanterhavet.
Benny er nok utan tvil den skarpaste kniven i denne skuffen. Med hans syn for detaljar og sterke teoretiske kunnskapar om fysikk, er det ikkje anna enn naturleg å sette han som ansvarleg for fintrimmen. Eit stikk i skjøte gjer mila i timen. Med 2700 mil over dammen blir det mange timar som kan knipast inn.
Henrik Grotle
Webmaster og livsnyter
Fødd 1978
Kompis av Arnt sidan barndommen, og vaks opp i same gata som oss i Florø. Er datafrik og har dermed teke på seg ansvaret med å lage heimesida vår! Vert med oss i Karibien i mars og april.
Han har og tatt ansvar for å heve seglekunskapane ved å gå seglkurset til Florø Seilforening, samt å stille som mannskap på foreininga sine regattaer.
Ein livsnytar som veit å ta livet med ro:-)
Renate Bjerk
Lettmatros
Fødd 1982
Født og oppvaksen i Florø, bare eit steinkast frå oss. Det er likevel ikkje før dei seinare år vi har blitt kjent med henne. Renate er ei sosial, fest -og reiseglad jente.
Planen er at ho mønstrar på ein periode i Karibien og vi gler oss til å utforske denne delen av verda i lag.
Silje Tornvik
Gledesspreiar
Fødd 1981
Oppvaksen i Øystese men har busett seg i Florø, der ho fort vart venn av Arnt. Ei vimsete jente som, dersom ho greier å halde styr på billettar og pass, besøkjer oss i Karibien i februar.
Silje er ei aktiv jente med smittande godt humør. Vi reknar med å måtte endevende båten på leit etter ting og tang ho måtte ha lagt frå seg, men ser verkeleg fram til å dele den barnlege gleda denne jenta sprudlar over av.
Sara Steine
Fødd 1981
Sara er oppvaksen i Norheimsund, men er for tida busett i Florø. Kjem på besøk til oss i Karibien i Februar, saman med fleire av sine veninner frå Florø.
Ei aktiv jente som vi reknar med vil dra oss med på aktivitetar høgt og lågt. Etter å ha budd vel 7 månader på skrå på 20m2 ser vi heller ikkje bort frå at hennar erfaring som fysioterapeut vil komme godt med.
Karianne Torvanger
Kokke
Fødd 1978
Skolekamerat av Arnt heilt sia barneskolen og seinare politisk kollega. Særs politisk aktiv dame, som vil trenge ei pause frå politiske frustrasjonar på heimebane. Tar difor ein fortent ferie og besøkjer oss i mars 2009.
Karianne er utdanna kokk, og ser fram til å utforske det karibiske kjøkken. Som dei hyggelege karane vi er, lovar vi å stille byssa til disposisjon