Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Då det vart semje om at vi skulle på tur, starta planlegginga om kvar og kor tid vi ville reise. Kva type tur vi skulle ha vart og diskutert.
For det første har vi valt at turen skal vare i eit år. Det kunne dermed ikkje bli ei full jordomsegling, det treng ein lenger tid på. Når ein så skal ta omsyn til jordas vær -og vindsystem, og det gjer ein gjerne for å få ein behageleg tur, sto vi att med to val: Anten middelhavet, eller det som populært er kalla mjølkeruta. Vi hamna på det siste valet. Middelhavet er lettare å utforske ved seinare høve, og det fasinerande og utfordrande ved å segle eigen båt over atlanterhavet til karibien vog tungt for skipparen.
Det faste mannskapet vert meg som er skipper og bruttern som får 1st mate tittelen, men vi vert ikkje åleine. Vi ønskjer at det skal vera ein sosial tur, og at vi skal ha mykje besøk undervegs. Vår mellomste bror, Bengt, er i den heldige situasjon at han har to brør som skal reise rundt i båt eit heilt år:-) Han har varsla sin arbeidsgjevar om dette, og vi ser fram til hyppige og lange besøk frå han på fleire etappar undervegs. Planen er og at han, sambuaren hans Inga, og far vår Atle, kjem over til karibien og feirer jul i lag med oss. Det blir truleg på Bequia i lag med andre nordiske langturseglarar som samlast der.
Elles ønskjer vi at alle som vil kan kome å vitje oss for å bli med på ein etappe eller to. Turen styrast av vær og vind. Vi skal ha det behageleg og trygt. Det sentrale vert å nyte livet, være sosiale og oppleve nye land og menneske som gjev inspirasjon til nye år med kvardag når vi kjem heim att. Så om du les dette og har lyst til å vitje oss er det berre å ta kontakt!
Vi reiser frå Oslo første helga i juli. Turen går nedover austsida av Danmark til Kiel, der vi entrar kanalane som fører oss til innløpet av den engelske kanal. Den krysser vi for å legge oss i posisjon til å vente på eit værauge som er godt nok til å krysse Biscaya. Dette vert det første lengre havkrysset som går over fleire døgn. Då håpar vi å ha nådd sydentemperaturar, og skal berre nyte livet langs kysten av Spania og Portugal. Etter kvart loffar vi over til Madeira, før vi tek turen nedover til Kanariøyene. Der vil vi ha god tid til å ta imot mykje besøk og segle rundt til dei ulike øyane. I byrjinga av november ankrar vi opp ved LasPalmas, der vi skal førebu både mannskap og båt for kryssing av atlanterhavet. Vi er påmeldt ARC, og har difor reservert plass i marina både i LasPalmas og St.Lucia, som er målet for regattaen. Vi gler oss mykje til å få besøk frå våre sportye tanter og onkler, som har lova å vitje oss i LasPalmas og vinke oss trygt avgarde den 23.november!
Etter havkrysset vert det julefeiring på Bequia, etterfulgt av 5 månader med segling mellom dei ulike karibiske øyane. Her vert nok planen lagt litt undervegs, styrt av kva mannskap som melder sin ankomst, og kvar vi plukker opp og set av folk. I byrjinga av mai posisjonerer vi oss for heimturen som etter planen vil gå via Azorene, så til Irland før vi entrar Noreg og vestlandet (Florø) i løpet av sommaren 2009.