I planleggingsfasen før ein langtur er ein svolten på all tilgjengeleg informasjon. Mykje kan hentast frå dei som har gjort dette før, og etterkvart er det heldigvis mange langturseglarar som deler kunnskapen sin i bokform. Her er ei oversikt over bøkene vi har i vårt skipsbibliotek, med ein kort kommentar til kvar bok. Hugs at dette er våre personlege meiningar, og at andre kan vurdere bøkene annleis. Det må nemnast at vi i planleggingsfasen er veldig teknisk orienterte, og ikkje fullt så opptekne av sjølve reiseskildringane. Våre vurderingar og val av bøker er nok farga av dette.
Illustrert Seil- & Riggtrim
Ivar Dedekam – ISBN 82-91443-04-1
Den første boka eg kjøpte, etter at min første seglbåt var i hamn. Lettfatteleg og godt illustrert bok som gjev god basic innføring i trim av segl, samt setting og justering av rigg. Brukast framleis som oppslagsbok, og som oppfriskningsbok før kvar sesong.
Illustrert Navigasjon
Ivar Dedekam – ISBN 82-91443-14-9
Fin bok som er lettfatteleg og godt illustrert. Brukast både til oppfriskning før kvar sesong og som oppslagsverk undervegs.
Illustrert Sjømannskap
Ivar Dedekam – ISBN 9788291443157
Nok ei godt illustrert bok frå Dedekam. Tek for seg tauverk og ulike metodar for fortøying og handtering av båt. Fin å sitje å bla i, særleg etter at ein sit nede i salongen litt skjemd etter eit ikkje så perfekt hamneanløp:-)
Håndbok for langturseilere 1 og 2
Andreas Holo – ISBN 978-82-92465-44-8 og ISBN 978-82-92465-45-5
Tobinds handbok for langturseglarar skriven av Andreas Holo, som har segla jorda rundt på fire år. Veldig praktisk orientert og gjev ein grundig gjennomgang av alt som skal til for å kunne planlegge ein langtur. Vert anbefala!
Langtur – En praktisk bok for seilere
Jan E. Holvik – ISBN 82-90319-26-6
Og ei pratisk orientert bok, skriven av en forfattar med røynsle. Ein nyttig gjennomgang av det meste rundt en slik tur. Spanande skrive med gode innflettingar av forfattaren sine sjølvopplevde historier. Anbefalast!
Det glade vanvidd
Trine Amalie Sjøvold – ISBN-10 82-300-0289-4 og ISBN-13 978-82-300-0289-6
Ei god skildring av same tur som vi skal ut på. Forfattaren er sambuar med skipperen, og har praktisk tala inga seilrøynsle før turen. Boka er spanande og nært skrive, og forfattaren har både humor og sjølvironi som krydrar boka. Litt mykje skildring av fauna iblant, men i det heile ei god bok verdt å lese.
ABC for Atlanterhavsseilere
Trine Amalie Sjøvold – ISBN 82-92465-38-3
Dette er lettjente pengar for forfattaren. Ta innhaldslista til “Det glade vanvidd”, alfabetiser, skriv nokre stikkord og gje ut som eiga ABC guide. Genial idè, men boka er full av sjølvsagte ting, og gav ikkje valuta for pengane.
Turseiling
Jon Winge – ISBN 82-04-09997-5
Dette er ei bok som først tek for seg en del praktiske emner som går på båthandtering og navigasjon i norsk skjærgard. Deretter skildrar den seglingsområder langs vår nære kyst. Heilt grei bok, som egnar seg godt ved kjøp av første seglbåt.
Ragnar Kvam Jr. - Mine Sjøreiser
Ragnar Kvam Jr. - ISBN-10 82-05-35599-1 og ISBN-13 978-82-05-35599-6
Ei samling av tre bøker: «Oppbrudd», «Havet har meg nå» og «En sjøreise til Sibir»Ragnar Kvam Jr. er ein god forfattar som skriv svært levande og nært. Mykje psykologi i bøkene, og dei fenger når ein kjem igang. Ei lett blanding av skildringar, praktiske tips og psykologien i det å reise på havet. Inspirerande bøker.
REEDS Nautical Almanac
Andy Du Port, Neville Featherstone - ISBN 9780713684780
Ein MÅ ha ein nautisk almanakk når ein legg ut på en slik tur. Dette er tekniske bøker som tek for seg forholda i dei ulike havnene, tidevatn, innseglingsruter, lokale reguleringar og værtilhøve. Vi har ikkje mykje røynsle i bruken av desse almanakkene enno, og det er som å lese eit kodespråk. Men alt er godt forklart i ein pedagogisk god førstedel av boka. For dei som har kjøpt boka er siste oppdateringar gratis på nett.
EuroRegs for Inland Waterways
Marian Martin – ISBN 0-7136-6589-0
Fritidsbåtens guide til CEVNI. Dette er ei illustrert bok som skildrar lys og lydsignal, samt andre reguleringar og retningsliner som gjeld for båtferdsel i dei europeiske innlandskanalane.