Vi tar ferie 😉

Det vart diverre ikkje Biscayakryss på Benny heller. Han var sporty og ville stille på kort varsel, men meldingane gav oss ikkje den vinden vi ville ha, så vi ligg fortsatt her i Plymouth. Det er berre å innsjå at vi ikkje kjem oss over før skipparen må heim i eit bryllaup den 23. august. Vi har difor begge bestemt oss for å reise heim på «ferie» ein tur. Må også ordne det formelle rundt leiligheta som eg endeleg fekk solgt! Vi returnerar tilbake til Tempest den 25.august. Då håpar vi på svale vindar som bles oss rett over til Spania i ein fei!

No er vi berre turistar i Plymouth fram til vi set oss på toget til London på måndag, gidd ikkje sjekke vermeldingar på ei stund no! Det er dyrt å ligge i marina i England, og spesielt her kor det er så godt utval av båtutstyrsbutikkar! I dag har vi handla videokamera, så no blir det snart «live frå Tempest» på nettet. Vi må berre få litt sol på resten av kroppen, samt venne oss til vår eigen stemme på tape før vi torer legge ut her. Må tenkje litt på helsa til Ola no rett før han skal giftast 😉

Når vi returnerer er det planen å fare over så snart veret gjer oss høve til det. Vi har ledig plass, og vil gjerne ha med iallefall ein person til når vi kryssar. Så har du høve og vil vere med på ein segltur er det berre å ta kontakt. Då er det sjølvsagt også høve til å følgje med videre nedover kysten av Spania og Portugal.

Sten og Arnt

Kommentarer

5 kommentarer til “Vi tar ferie ;-)”