… men vi treng mannskap!
Måned: august 2008
-
Plymouth – utstyrsmekka!
Vi hadde kanskje tenkt å gå direkte til Brest i Frankrike, men etter å ha segla heile natta igjennom tok vi ein ny vurdering av været. Vi fann ut at vi ville komme seint fram i forhold til Bengt som skulle nå å komme seg heim, samt at vi ville fått motvind og stampesjø i timesvis før vi nådde Brest. Vi la derfor om kursen og blei godt mottatt i Sutton Marina i Plymouth klokka 09:30 om morgonen. Då hadde vi segla i 27 timar, og det var ikkje lenge før tre brør Hellevang sov trygt og godt i Tempest si lune favn 😉
-
Portsmouth
Det vart Portsmouth på oss. Ikkje fordi natta ikkje var fin å segle i, vi snakka med EmBlem på VHFen og fekk høyre at dei låg der i lag med båten S/Y Serendipity som vi så vidt helste på i Dover. Vi bestemte oss for å stoppe på. Klokka halv to om natta seig vi inn i hamna og Tempest kunne etter ei trasig veke med motortrøbbel endeleg legge seg ved sidan av EmBlem og få litt trøst igjen. Vart med begge båtane på ei triveleg pubrunde kvelden etter, men avslutta tidleg då vi hadde bestemt oss for å dra vidare klokka seks om morgonen dagen etter.
-
Nok motor, no reiser vi til varmen!
Nei no er vi lei! Dover er sikkert ein fin stad å vere, men vi er her jo ikkje frivillig. Vi vil vidare!!!
Det vart lite segling på Inga, som diverre måtte forlate oss på fredag for å rekke jobb igjen på måndag. Vi får ta att seglinga i Karibien Inga!
Medan vi venta på delar og mekanikar tok Bengt og Arnt ein tur til London. Der fekk dei tatt dei obligatoriske bileta, og fekk dessutan ein dag utan å måtte forhalde seg til ein motor som sotar, ein mekanikar som reiser vekk og delar som ikkje kjem.
-
Motortrøbbel