ARC i gang

Tempest og Las Primas pynta til festNummer 228 av 225!Så er sirkuset i gang. Vi har fått plass ytterst på brygga med dei store båtane, der glir vi jo rett inn;) Las Primas fekk plass ved siden av, så no har vi etablert partybrygga. Flotte båtar med festflagg og startnummer på plass!

Tempest er båt nummer 228. Nummereringa er frå største til minste båt, og totalen er 225 båtar! Vi er altså mindre enn den minste!?!

Las Primas, Sefarer og Tempest opnar ARCenVi opna ARCen den 10ande med å ta imot Las Primas samt invitere over Seafarer på ein ankerdram. Dei henta gassen til Endely som eg glømte igjen i Funchal, så vi lova dei ein god ankerdram for det. Det vart ei artig opning som varte til godt utpå morrakvisten.

OpningsfestenOpningsfest med TapasDagen etter var den offisielle opningsfesten sponsa av ein lokal båtbutikk. God drykk og tapasservering. Det blir tøft om ein skal vere med på alle festane her, så vi tok det roleg og kvelda relativt tidleg.

Sikkerhetssjekk, alt blir kontrollertSikkerhetssjekk, alt blir kontrollertI dag har vi hatt sikkerhetssjekk. Tempest gjekk glatt igjennom, og er no offisielt godtkjennt av ARC for overseglinga! Vi har fortsatt nokon ting som skal gjerast, men dei går ikkje på sikkerheten. Det største punktet er bunkring. I morgon skal vi begge på seminar for å sjå om vi ikkje kan plukke opp nokon tips…

I morgon kjem også Tord som skal vere med  over. Samtidig får også Las Primas sitt første mannskap, så då reknar eg med det er festivitas igjen:)

Kommentarer

16 kommentarer til “ARC i gang”