I dag har vi rydda plass i alle skott og luker for å få plass til provianteringa. Tord og Bengt har vert og handla inn alt flytande, ikkje lite som skal stuast vekk, men det gjekk faktisk forbausande lett.
Nabobåten Las Primas mottok også masse varer i dag. Her er dei i full gang med å fjerne embalasje og merke varene som skal ombord. På grunn av fuktighet fjernar vi alle merker på hermetikken og skriv på med sprittusj kva som er i.
Tord har fått hovudansvaret for matbunkringa ombord. Her er han og bengt i ferd med å lage middag basert på noko langtidshermetikk som vi tenker å bruke som substitutt for ferskt kjøtt. Blei eit godt måltid, og kapteinen er ikkje bekymra for maten under overfarten dersom dette blir fasiten 🙂
Legger også inn eit bilde vi fekk tilsendt frå ein kollega av Bengt. Flott kake som i følgje Bengt også smakte godt. Vi lovar å ta godt vare på bror så han er fit for fight i 2009!
Kommentarer
Ett kommentar til “Bunkring av drikkevarer”