Saint Pierre

Heile byen var ei einaste lang bilkø. Dei hadde opna bensinstasjonen denne eine dagen.Skipparen forran Tempest på svaiFrå storbyens tilstandar var overgangen stor når vi steig i land etter å ha ankra opp i bukta utanfor Saint Pierre. Her merkar vi lite til streiken, anna enn at vareutvalet i butikkane er litt labert. Men vi har då både fått tak i praiserloff, kjøttdeig og kylling, så vi har ingen grunn til å klage. Ikkje minst med tanke på at her er klart badevatn og god temperatur, og havskilpaddene som svøm rundt båten gledeleg lar oss få ta ein dukkert og 😉

Sara leitar fram “nødprovianten” i tilfelle langvarig streik ;)Silje forran vulkanen som i 1902 utsletta heile byen, bortsett frå ein mordar som sat i fengsel og ein annan kar som var nede i ein potetkjellar.Det einaste problemet vi dumpa oppi her var å få sjekka oss ut av landet. Turistinfoen som hadde utsjekk var stengt grunna streik. Ein bar som også har utsjekk var også stengt. Eg vandra gatelangs for å finne nokon som kunne hjelpe meg litt, men det viste seg ikkje å vere så enkelt utan å kunne ei einaste fransk glose. Hverken Politiet, hotellbesetningen, museumsfolka eller nokon andre eg spurte kunne ei einaste glose engelsk. Ganske merkeleg fenomen, spesielt i og med at naboøyene på alle kantar har engelsk som hovudspråk. Men det løyste seg det og tilslutt, då cafeen med utsjekk opna rett før vi skulle til å dra opp ankeret for å gå over til Dominica utan utsjekkpapir.