Dominica og The Green Flash!

Nokre minutter før vi alle får sjå The Green Flash!!!Så fekk vi endeleg sjå det: The Green Flash! Eit av mine draumar for kva eg skulle få oppleve på denne turen var å få sjå ein solnedgang som avslutta med The Green Flash. Det fekk vi i går. Eg såg at det ikkje var skyer i horisonten, så forholda låg til rette for dette spesielle fenomenet. Eg fortalte dei andre om det, jenten hadde ikkje hørt om det før, men jammen slo det ikkje til akkurat i det sola hadde brukt 8 minutter på å forsvinne ned i horisonten. Lyset endra seg til å bli heilt grønt, eit lite blink, og så var heile sola vekk.

Renate heisar nytt gjesteflagg.Kapteinane på Saga-Tiba, Juno og Tempest på tur for å sjekke oss inn i landet.Dagens utsikt frå båten. Ikkje sandstrand, men likevel gode bade og snorkleforhold.Vi har segla oss over til eit nytt land, Dominica. Ligg på svai rett sør om hovudstaden Roseau. I dag har vi vert på land og sjekka inn, ei omfattande papirmølle, men vi sparar likevel ein del tid på at dei sjekkar deg både inn og ut, og dermed slepp vi unna med berre ein tur på kontoret.

Seglasen over var som den pleier mellom øyene her. Det blåste masse og bølgene var store. Vi begynner å bli gode på det no, og ikkje minst kryss. At «melkeruta» er ein medvindsseglas er ei myte som eg er freista til å legge død. Om vi ikkje reknar med atlanterhavet trur eg nok vi har segla meir kryss enn lens på denne turen.

Gjengen ladar opp til nokre timar shoppingArnt og Sten smakar ein lokal sunnhetsdrikk. Fekk ikkje heitl med oss kva det var, men det var godt, og vistnok veldig bra for det meste.Ein tolmodig (!) kaptein ventar på jentene som fann enda ein skobutikk…Dominica er ei fattig øy, men vi merkar eigentleg ikkje so mykje til det. Folk her er veldig venlige, og vareutvalet på dei store matbutikkane i sentrum var heilt på høgde med dei andre øyene vi har vert på. Vi likte byen god, og rusla rundt i ekstase over å endeleg kunne snakke med folk igjen. Sjølv om naboane i både nord og sør er fransktalande, så snakkar dei engelsk her.

Kommentarer

2 kommentarer til “Dominica og The Green Flash!”