Vi er i gang, Azorene next..

Så var ankeret letta for siste gang i Karibien. Vi er i gang, etter å hatt ein siste snorklerunde på ei kvit sandstrand på den norlegaste øya.

Avgangen frå St.Martin gjekk klokka 15:00 UTC. Litt vemodig, men vi fekk masse lukkeønskingar frå gode venner på dei andre båtane som kjem seglande etter. Dei fleste ser ut til å gå i morgon.

For at Odd Jarle og Kari skulle få ein liten smak av Karibien (St.Martin er ikkje særleg sjarmerande) la vi inn ein stopp på ei lita ubebudd øy nordvest, før vi runder hjørnet her og det er berre hav mellom oss og Azorene. Her har vi snorkla og vaska båten under, samt laga middag og kost oss med utsikta av ei Karibisk sandstrand for siste gong (denne gongen)

Vinden ligger på mellom 15 og 20 knop, men vi forventar ein del byger utover natta som kan ha ein del meir vind. Vi er som alltid forsiktige, og tar det heilt med ro på veg nordover. Hverken Odd Jarle eller Kari har vist teikn til sjøsjuke enno, så dette lvar jo bra 🙂

Håper mange følger oss over havet denne gongen også, skriv gjerne kommentarar og send oss meldingar. Det set vi utruleg stor pris på når vi no skal sitte her i denne cockpiten nokre veker…

Kommentarer

22 kommentarer til “Vi er i gang, Azorene next..”