Dag ein. Ruskete start

Litt sein oppdatering i dag, men arbeidsforholda på «kontoret» har ikkje vert dei beste. Men vi er i siget, jobber oss framover mot Azorene.

Det er ikkje å legge skjul på at vi har fått ein litt rufsete start. Har segla mykje i 30+ knops vind med hissige byger med opptil 40-45 knops vind i seg. Det var utan tvil ein tøff start for mitt nye crew, men dei tar det veldig fint. Litt sjøsjuke og dårleg apeteitt har prega oss alle det første døgnet, men no har tingene begynt å stabilisere seg.

Vinden er på veg ned, og 4 meter rotete bølger har blitt til 3 meter jamnare sjø. Utover natta reknar vi med det held seg omtrent slik, før det bli enda rolegare på morgonkviste.

Inne i båten er det litt uleveleg. Ein stokk med bananer viste seg å være umogleg å plassere, og blei hengande å slå inn i sofaryggen. Det blei råtten bananmos! Hovedluka på gløtt var heller ikkje noko sjakktrekk når vi gjekk rett i dei store dønningane. No gler vi oss til i morgon då det blir så roleg at vi kan ta ein vaskedag inne, og forhåpentlegvis får lufta ut litt utan å fylle opp dørken med saltvatn

Tusen takk for alle lukkeønskningat! You made my day 😉 Vart heilt paffe her vi lasta ned og det berre rann inn med kommentarar! Alt vel med oss på havet, litt tøff start, men no sit vi oppe i måneskinnet og ser på stjernene 🙂

Kommentarer

6 kommentarer til “Dag ein. Ruskete start”