Vi ser land, og har fått dekning på mobilane!
Alt har gått bra, og går fortsatt bra! Onkel Hjalmar seier dette er tøffare enn å råkjøre med motorsykkel! Vi er alle nøgde og stolte seglarar, har til og med nesten kullsegla midt i Biscaya!
Vi har no ca fem timar segling igjen dersom vinden, farten held seg som den er, og vi får besøk av delfinar. Kapteinen nekatar nemleg å segle i land som den einaste som ikkje har sett Deflinar i Biscaya! Det kjem vel inn fire norske båtar i dag som vi veit om, vi er sist trur eg. Reknar med det blir ein del festivitas i helga 🙂
Siri er i gang med middagen, innimellom latterbygene. Dersom ein god latter forlenger livet trur eg ho kjem til å leve evig. Både ho og onkel Hjalmar har vert fantastiske mannskap å ha med på tur. Aldri eit negativt ord, berre gode historier og smittande latter. Sjøsterke er dei og. No håpar vi dei vil vere med litt her nede i varmen også!
Kommentarer
4 kommentarer til “Landkjenning”