17. mai feirast sjølvsagt og ombord i S/Y Tempest sjølv om vi er midt på Atlanteren. Her er program for dagen. (mer…)
Forfatter: webmaster
-
Landkjenning
Vi ser land, og har fått dekning på mobilane!
Alt har gått bra, og går fortsatt bra! Onkel Hjalmar seier dette er tøffare enn å råkjøre med motorsykkel! Vi er alle nøgde og stolte seglarar, har til og med nesten kullsegla midt i Biscaya! -
Segling i natta
Stor stemning ombord! Vi har segla i eit sia sist. Etter eit par gode men kontrollerte broach med genakeren fann vi ut det var best å gje seg medan leiken var god. Det blåste opp, og havet tiltok, så vi la om til reva storsegl og geoa. Vinden har stort sett vert mellom 18 og 23 knop sidan i går kveld, og sjøen relativt rotete i forhold til indre oslofjord 😉
-
Godt i gang
Alt vel med både båt og mannskap. Vi storkosar oss på havet. Har hatt ei roleg natt med vinden akkurat så skarpt på at vi trengte motoren som støtte. Segla ein del på morgonkvisten, før vi entra vindstilla. No ventar vi på vinden som skal komme igjen, denne gongen som medvind 🙂
-
Silkeseglas langs Belgia
No er alt så bra at eg måtte bare blogge litt via satellitttelefonen! Vi seglar langs kysten av Belgia. Rundt 7 knop i 7 knops vind 74 grader inn styrbord. Sol og sommer, ingen motorlarm og ca en knops medstraum, aukande. Vi har det bra 🙂
-
Vi er på veg!
Det følast heilt enormt. Denne gangen legg vi ikkje ut på ein liten tur på fjorden. Vi skal ikkje heim att når vi har kome fram, vi skal fortsette vidare! Det er eit heilt år til vi skal avslutte den turen vi no legg ut på.
Tusen takk for alle lukkeønskingar!
Dette er forresten den første bloggposten sendt via Satellittelefonen:)
Sten og Arnt i perlehumør!