Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi gjekk til Samsø i dag. Ein Marina med namnet Balle kunne vi ikkje segle forbi. Det viste seg å vere lurt, for i det vi nærma oss innløpet såg vi ein båt som låg på svai utanfor. Vi sa begge at det der må jo vere ein langturseglar. I det vi kom nærare vinka dei til oss, det var ein båt frå Bergen med tre kokkar og ein servitør ombord. Endely skal segle jorda rundt, og vi har hatt litt mailkontakt med dei på forhånd. Vi la oss inn i marinaen og tok jolla ut att til dei to para i Endelybåten. Der vart vi servert kaffi og cognac, og hadde ein hyggeleg prat utover kvelden. Vi treffer dei igjen i Kiel, og gler oss allerede til det. Hyggelig gjeng!
I Balle Marina på Samsø fekk vi også det første teiknet på at no er vi på langtur. Vi bestemte oss for å ligge ein dag i ro for å få ordna ein del saker på båten. På grunn av båtar som låg innanfor måtte vi opp klokka 06:00 og forhale. Vi flytta oss til ein betre plass, og gjorde oss klare til å sykle til sentrum der det skulle vere ein god båtutstyrsbutikk. Nedturen kom i det vi spurte ein kar om vegen. Jo, den ligger … (lang forklaring), men er ikkje opent i dag. Neihei!?! Vi såg på kvarandre… SØNDAG!!! Genialt! Vi hadde lagt den store innkjøpsdagen til ein Søndag!
Vel vel, ikkje noko å gjere med det, vi brukte dagen likevel til å fikse det vi kunne på båten. For å få litt fred og ro heisa eg Arnt opp i masta. Der fekk han henge til han hadde tredd spinnakerfallet og sjekka kontakene i vindfølaren som har trøbla litt, samt at eg hadde fått sove litt middag Ellers gjekk dagen til å lage fester til sjøkøyene, tette instrumentkassene ute og tre nettverkskabel fra plotter til PC.
Balle Marina var heilt grei, med unntak av at Internettilgang kosta 500DK for 24 timer, og nesten ikkje fungerte. Derfor kommer denne bloggposten litt seint…
0 kommentarer til “Balle Marina”