Sønderborg - Endelig på nett!

Arnt er godt kleddSten i regnetI dag har vi segla til Sønderborg. Var tidleg opp og kom oss avgarde klokka 08:00, kven sa ferie? ;-) Vi har i dag hatt mykje dei same forholda som i går, uansett kor vi snur kjem vinden rett imot, og kraftige vindkuler med etterfølgjande regn kjem titt og ofte. Som gode vestlendingar let vi oss ikkje knekke, vi kler oss godt og nyter dei siste dagane i Skandinavia.

Under ei bruBroen inn til SønderborgDet er litt kult med bruer, det står på kartet at det er 50 meter under, med det ser ikkje slik ut frå vårt perspektiv… Då er det greiare med dei som opnar seg.

Sønderborg likar vi veldig godt, her er massevis av gratis nett og vi ligger longside midt i byen. I dag har vi for første gong på turen spist ute! Når vi kom opp i gågata klarte vi ikkje motstå freistinga lenger. Det vart ein kald øl og Kyllingnachos på kvar:) Vi har også handla ein del praktiske korger som vi skal ha i båten, samt kjøpt loggbok som vi skal bruke til manuell føring av logg frå turen. Ellers har vi skrive kort og sendt til Pappa som gjerne vil ha oppdateringar via snailmail ;)

På Fylla?I morgon går vi etter planen til Kiel. Det vil sei, no kom nett denne båten inn bak oss, vi får sjå koss det utviklar seg utover kvelden…

3 kommentarer til “Sønderborg - Endelig på nett!”


Skriv en kommentar