Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
…eller Kiel kanalen som den blir omtala som, vart forsert i dag. Den tok oss fra Kiel til Brunsbüttel der vi ligg i ei lita hamn innanfor slusa. Ganske rart å sjå på kartplottaren at man seglar midt igjennom heile Tyskland.
Vi vart slusa inn i lag med eit handelsskip. Det var egentlig bare å ligge utanfor å vente på det rette signalet, så kjøre inn. Kanalen i seg sjølv var ganske lang og kjedeleg. Den er veldig brei, og utanom trær og kanalkant ser man bare andre båtar. Stort sett store handelsskip.
Vi reiste i følge med to andre norske båtar, EmBlem og Endely. Dei skal begge til Karibien. Her er familien Berg som seiler EmBlem. Dei har tatt denne kanalen før, så det var trygt og godt for oss å legge oss bak dei og bare følge på.
Vi anbefaler å se etter ein seglbåt med Møllerensbanner i riggen når man skal seile Kiel kanalen. Då får man mykje rart å følge med på…
Kva dei dreiv med her fekk vi ikkje heilt med oss, men antrekket passa eigentleg ganske godt til været. Det var ganske varmt, men kom nokre skikkelig sure regnbyger med jamne mellomrom.
Ellers arrangerte dei sang- og danseforestilling som og var ganske fornøyelig. Etter halvkjørt løp fekk vi beskjed på VHFen om å slakke av litt på farten. Då tok dei oss igjen og kasta over ein pose med spekeskinke som vi kunne ha til lunch. Genialt å reise i følge med Møllerensbåten med tre kokkar og ein servitør ombord!
Vi arrangerte spørrekonkuranse på VHFen, vi sjekka skipa på AIS systemet og ba deretter Endely gjengen om å tippe størrelsen. Dei er jo stort sett Bergensarar, så om vi trakk frå eit par hundre fot var dei ikkje så langt unna
Til slutt eit bilete av ein stolt Skipper og Førstestyrmann i slusa inn til Kielkanalen. I morgon er det slusing igjen.
0 kommentarer til “Nord-Ostsee Kanal…”