Hompetitten…

Oppnedsegl… hurramegrundt for ein husketur! I går gjekk vi fra Cuxhaven til Norderney. Fortsatt i Tyskland med andre ord. Vi gjekk klokka ni frå Cuxhaven, og stampa oss nedover mot både vind og bølgjer til klokka var halv eit i natt. Då kunne vi endeleg legge oss trygt i ei godt beskytta hamn i Norderney.

RareSegl2Det var stort sett andre store og små båtar vi hadde å sjå på i går, land var langt inne og så lavt at du ikkje ser noko. Fann ein seglbåt utpå der med to master. I den fremste hadde han eit oppnedsegl! Er kanskje vanleg, men vi hadde aldri sett det før.

Store skipInnseglinga til Norderney var litt skummel i mørket. For det første stemte ikkje plasseringa av bøyene med kartet. For det andre var det mørkt, og mange av bøyene var utan lys. Vi brukte plotter og papirkart samtidig for å vere trygge, og kom oss til slutt vel i hamn. Vi berekna turen til å vare i ca. 8 timer. 15,5 time tok den! Strøm, motvind og bølgjer tok oss heilt ned i 2,5 knop på det meste :-(

SofadagI dag gidder vi ikkje segle, vi ligger her til i morgon og tar oss ein velfortent dag på “sofaen”.

NorderneySom andre store båtar tar Tempest sjølvsagt plass i industrihamna. Trygt og godt plassert bak SAR-båten.

 

Sten og Arnt -shaken, not stirred ;-)

1 kommentar til “Hompetitten…”


Skriv en kommentar