Vi humpar oss vidare

Vi skiftar gjesteflaggNok landligge! Vi har i dag skifta frå Tysk til Nederlandsk gjesteflagg. Vi var usikre på akkurat når vi kryssa grensa, det gjekk ikkje heilt klart fram av kartet, men vi hadde flagget parat og skifta i det vi såg Endely gjekk på dekk for å skifte. Fordelen med å seile i følgje, vi ser på dei andre og gjer det same sjølv. Er det feil er vi allefall fleire om det ;-)

EndelyEmBlem gjekk same turen igår, i langt tøffare vindar. I dag hadde det roa seg litt, men det var fortsatt ganske friskt utpå. Vi fekk både motorseilt (og ja Geir Otto, det var det kjegla betydde!) og seilt ein del. Vi har slitt litt med å få storseglet til å stå bra når vi motorsegla, med i dag følte vi att vi fekk det til. Ikkje minst takket vere Morten på EmBlem som tok seg tid til å teikne og forklare oss kva vi skulle tenke på for å få det til. Nok ein fordel med å gå i følgje med andre. Vi spør og graver, og får mange gode råd og tips!

Slusa inn til kanalaneI Nederland gjekk vi inn i kanalsystemet gjennom slusa i Delfzijl (nei, vi kan ikkje uttale det!). Vi var heldige og slapp inn i slusa utan ventetid. Det var ikkje den store høgdeforskjellen, og etter at Kielkanalen føler vi oss no proffe i gamet ;-)

Koseleg på betongbryggaRett innanfor slusa låg det ei slags ventehamn for kanalbåtar. Vi la oss inn der og okkuperte betongbrygga som best vi kunne. Hadde ein veldig koselig avslutning på dagen med stearinlys og godt humør i lag med mannskapet på Endely. I morgon skal vi bevege oss vidare innover i kanalsystemet.

4 kommentarer til “Vi humpar oss vidare”


Skriv en kommentar