Segling i kornåkeren

Restaurant og VindmølleI dag tidleg hadde vi begge fått ein allergisk reaksjon på eit eller anna. Hjernen var blitt for stor for hodet, og vi utsatte derfor avreise fra klokka 09:00 til 13:00. Igjennom Groningen med masta oppe fører til ein heil masse bruopningar, og det gjer dei berre eit par gongar i døgnet.

Tida fram til avgang brukte vi til å finne koplingar til industrivarianten av gassflaska som vi har med. Arnt sa i dag tidleg at vi sikkert snart går tom for gass. Eg satte på kaffivatnet, og jammen, før det hadde kokt opp tok gassen slutt! Vi la ut på ein 45 minutters ekspedisjon og vart sjølvsagt truffet av tidenes regnbyge. Vi kunne like godt ha svømt til gassbutikken!

Kuer og MasterRegnet har vart i heile dag, kun korte opphald og gløtt av sol innimellom. Vi har snirkla oss vidare inn igjennom Nederland, og i dag har kanalane vert litt meir idylliske enn dei vi har gått før. Vi fer igjennom store kornåkrar og beiteområder for kyr. Det er heilt surrealistisk å se framover på beitande kuer og master som sig framover. Av og til ser det ut som at båtan går midt i åkeren.

Arnt holder fortøyningen - 2 meter skal vi nedTrangt om plassen, men alle kom inn!Regn!Vi hadde også ei sluse til på turen i dag. 2 meter blei vi senka ned. På grunn av køa ut av Groningen kom vi mange båtar til slusa samtidig. Dei stua så godt dei kunne, og fekk faktisk alle inn. Endely var siste båten, og vi var heilt sikre på at dei aldri kom til å få plass, men heldigvis gjekk det bra og vi portane kunne lukkast. Sjølvsagt kom dagens verste byge akkurat i det vi blir senka ned, men vi tok det med godt humør og underholdt dei andre båtane med sang og vitsar når vi no likevel måtte stå ute å fire fortøyningar.

EmBlem og TempestNo ligg vi longside på EmBlem i ei hamn i - ehh - eg har faktisk ikkje funnet ut kva det heiter her. Det er vel heller ikkje så nøye, eg klarer nok ikkje uttale det likevel. Sjå heller på kartet kor vi er ;-) I morgon går vi viare, og har blitt fortalt at no blir det enda meir idyllisk. Vi gler oss!

NB: Nok ein gong har nettilgangen vert litt laber. Groningen hadde nett, men det var så ustabilt og tregt at det nesten var ubrukelig. Har derfor ikkje fått ut dei tidlegare notata før no. Det er stor stemning i båten kvar gong vi får nett, ikkje minst på grunn av alle kommentarar og meldingar som vi får frå dykk som følgjer med. Då er er det høgtlesing og kjempestemning i båten, så tusen takk, og fortsett gjerne :-)

9 kommentarer til “Segling i kornåkeren”


Skriv en kommentar