Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi hadde kanskje tenkt å gå direkte til Brest i Frankrike, men etter å ha segla heile natta igjennom tok vi ein ny vurdering av været. Vi fann ut at vi ville komme seint fram i forhold til Bengt som skulle nå å komme seg heim, samt at vi ville fått motvind og stampesjø i timesvis før vi nådde Brest. Vi la derfor om kursen og blei godt mottatt i Sutton Marina i Plymouth klokka 09:30 om morgonen. Då hadde vi segla i 27 timar, og det var ikkje lenge før tre brør Hellevang sov trygt og godt i Tempest si lune favn
Det vart diverre ikkje Biscaya på Bengt i denne omgangen, men han fekk no vert med på litt nattseglas likevel. Det er koseleg å segle om natta, vi ser masse stjerner på himmelen, og brukar tida på å trene oss på radarbuk. Det er greit å få litt erfaring i bruken av den før vi kjem opp i situasjonar der vi verkeleg treng den. Vi er imponert over kossen det fungerer med både radar og AIS, og her i kanalen manglar det ikkje på båtar å trene seg på. Dei største har jo AIS ombord, men vi oppdagar også små fiskebåtar og andre seglarar på radaren lenge før vi klarar å sjå dei. Ellars har vi filosofert litt over om det er båten som ligg skeivt, eller om det er horisonten som er skeiv? Vi seglar jo langs England (vestover), og skal nedover, så det vel horisonten?
Etter ei lang formiddagssøvn (5 timer) sto vi opp og orienterte oss litt i byen før vi gikk tilbake til Tempest og hadde avskjedsmiddag med Bengt. I god Hellevang ånd vart det fisk med kokte poteter og grønnsaker. Ikkje slendrian på tur her nei Bengt er eit godt mannskap å ha med, og det var synd vi blei liggande ei veke med motortrøbbel. Vi er ikkje lystne på å segle Biscaya med berre to ombord, så no nyttar vi dagane vi ligg her og ventar på veret til å prøve å finne nokon som vil segle over med oss. Skulle du som les dette ha tid og lyst høyrer vi gjerne frå deg! Ta kontakt på mail, eller ring 913 03 209.
Etter at Bengt tok toget til London i dag har eg og Arnt rusla rundt i ulike båtutstyrsbutikkar her i Plymouth. For eit mekka! Det her er plassen for folk med båtdilla og god økonomi. For ein skipper med båtdilla og liten økonomisk styring er det absolutt ikkje plassen. Det tryggaste hadde nok vert å kaste både Visa og Mastercard overbord Har likevel styrt oss i dag, men nokon kule ting har det blitt. Vi har mangla noko til å notere på når vi står ute og det kjem ei viktig melding på VHFen. Det er mykje meir aktivitet her enn heime, og på veg hit fekk vi meldingar om ei jerndør (ikkje spør, det var det dei sa!) som låg og flaut omtrent der vi skulle segle. I slike tilfelle er det viktig å kunne få notert ned posisjonar så ein ser om det ligg i vår lei. Har difor funne ei undervannstavle som vi kan skrive på under vann (for eksempel for å ta notatar når vi sjekkar propellen for fiskegøtt) og fleire blokker som ein kan skrive på i regnver. Genialt! Vi har også etter å ha snakka med Frode på Mango kjøpt ei hevertpumpe for å lettare kunne fylle diesel på havet. Det var vistnok ikkje så enkelt når båten ikkje låg i ro.
No er det skikkeleg vestlandsveir her i Plymouth. Det blir innekveld og kanskje ein film i kveld. Kanskje fordi vi først må få ferdig ein vask som ser ut til å ta si tid. Medan eg bloggar sit Arnt oppe i vaskeriet og matar ein tørketrommel som berre godtar ein mynt for å gå i 8 min. Då stoppar den og vil ha ein mynt til. Jaja, han har no å drive på med i kveld då Arnten (hehe)
Vi beklagar at det nokon gongar tar litt tid å få ut oppdateringane, det er ikkje alle stader det er like lett å få god tilgang til nettet. Håpar du blir nøgd no Hjalmar Pappa sa på telefonen tidlegare i dag at det skulle vere samling i Sogn. Vi sleng oss på og gratulerar tante Helga med vel overstått. Ha ein kjekk kveld i Gaupne, så ser vi fram til å sjå dykk igjen i Las Palmas!
Sten og Arnt (som gjerne tar imot besøk!)
4 kommentarer til “Plymouth - utstyrsmekka!”