Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi ligg fortsatt i La Coruna, det blåser ein del og vi fann ut at no ligg vi her til vi får været med oss.
Hyggelig hamn, og hyggelig by. Vi ligg no 6 norske langturseglarar her, og har det veldig sosialt. Eit lite tips til andre som kjem etter i denne hamna er å besøke kontoret til Real Club Nautico de La Coruna (rosa hus på enden av kaia). Dei har eit sperra trådløst nettverk som heiter “rcnc”, men dei gjer villeg vekk koder om du berre spør.
Biscaya var spennande! Vi var ein smule spennte på om vi kom oss over, både med tanke på mannskap og vær, men etter at vi returnerte frå vår lille norgestur ordna alt seg. Det gjer gjerne det for kjekke gutar
Onkel Hjalmar og Siri var gode mannskap å ha med, og satte begge sitt positive preg på turen. Onkel Hjalmar fortalte historier og spelte munnspel. Siri diska opp med den eine gourmetretten etter den andre, og lo stort sett heile tida.
Vi var også nøgde med seglinga. Om dagen kjørte vi utan vakter, då er jo nesten alle oppe likevel. Natta delte vi i to, to og to på vakt. Det fungerte veldig bra. I starten brukte vi motor med segla som støtte, rett mot vinden. Men etter kvart kom dreiinga som vi var lova, og vi kunne deretter segle nesten heilt til kai. Den siste natta blåste det ein del, og sjøen var ganske rotete, men med redusert seglføring fekk vi skuta til å oppføre seg fint. Ein kraftig broach der vi plutseleg låg rett mot vinden igjen hadde vi, men vi synest egentlig det var greit å sjå at båten gjør som den skal sjølv om vi har lasta den hakket over normal last. Vi mista ein DanBoy og ei bøye som vart liggande att å blinke uti natta, men fekk varsla kystvakten om det slik at ikkje nokon skulle sette igang ein aksjon om dei fann MOB utstyret.
Det som verre var, som vi ikkje oppdaga før etter ein stund, var at kapteinskoppen forsvann i same draget! Det var hakket før vi kalla opp att kystvakta og sa at dei måtte se etter den og om dei no fann MOB utsyret. Kapteinen er fortvila, og kaffien smaker ikkje det same lenger. Jakta på ein ny kopp har starta, men det er jo ikkje ein hvilkensomhelst kopp, og valet må skje med omhu!
Vi hadde ein veldig sosial tur over, og hadde kontakt med fire andre norske båtar undervegs. Sjølv om vi ikkje ser kvarandre er det ei god tryggleik i å vite at dei er der, og man føler seg ikkje så einsam midt i svarte natta.
Etter at vi kom i land i La Coruna har dagane gått i eit. Laurdagen hadde vi avtalt å gå ut i lag med dei andre båtane, og utpå kvelden var vi 19 stolte norske langturseglarar frå fem båtar (Endely, EmBlem, Amor Fati, Rapsody in blue og Tempest) samla på tapasrestaurant i sentrum. Det vart ei lang natt som etterkvart gjekk over i dag før nachspielet i båten Rapsody in blue var over. Eit skikkeleg havkryss skal feirast, og det trur eg vi fekk til!
Onkel Hjalmar (som forresten går under namnet Onkel Hjalmar i alle båtane) holdt ut til tidleg morgon, men oppdaga raskt at livet ombord i Tempest ikkje er den ferien han seier han skal ha resten av livet. Seint i seng gjer ikkje arbeidsfri, og morgonen etter kosa han seg med puss og oljing av alt utvendig treverk. Ingen kjære mor her ombord Bordet og det andre treverket vart forresten så bra at vi har søkt tante Helga om å få behalde han ei veke til.
Ikkje før vi hadde fått igjen energien etter den første ankerdrammen observerte vi ein ny båt med norsk flagg på veg inn i hamna. Dei fekk anvist plass longside oss, og i det dei glei inn på sia roper dei: - Hei, e d kje Onkel Hjalmar som sit der? Det viste seg å være båten RØVÆR som vi så vidt har hatt mailkontakt med når vi låg i England. Så var det på han igjen med tapas i byen før vi runda av med nachspiel i Tempest til litt utpå morgonkvisten. Det vart ein bra kveld på byen, guida av Papa Blanco (Fernando Blanco som har spelt på Brann, far til Isabel Blanco som er håndballandslagsspelar) som vi tilfeldigvis fekk kontakt med. Dette vart også avskjedsfesten for Siri som har blitt etterlyst av sine frisørkunder som sårt treng ein klipp igjen.
Morgonen etter hadde vi ein mindre hyggeleg overraskelse. Ei kobling til varmtvannstanken hadde starta å lekke, og kjølsvinet var fullt i vatn. Det hadde jo ikkje vore so ille hadde det ikkje vert for at vatnet har løyst opp ein del olje som låg under motoren og smurt dette godt utover på sin veg. Liten vaskedag i går kan du sei!
No ligg vi og ventar på at vinden skal løye og bølgene legge seg litt. Vi reknar med vi går sørover i løpet av morgondagen.
Til slutt:
Gratulerer med dagen Pappa!
Håper du får ei fin feiring! Vi ringer på Skype i løpet av kvelden!
Sten, Arnt og Onkel Hjalmar
9 kommentarer til “La Coruna”