Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Det har igjen gått ei stund sidan siste oppdatering. Vi er fortsatt ikkje imponert over internettilstanden i hamnene rundt om, men denne gongen er det også delvis grunna heteslag! Vi har endeleg fått sommer og sol!
Vi har i utgangspunktet sagt at no er det slutt på stamping mot bølger og vind, vi skal vente på forhold som er fine å gå i. No hadde vi valet mellom regnvær i Portosin eller å gå ein dag i motvind og stampesjø. Vi valde det siste, og har soleis hamna i Vigo. På vegen fekk vi ein del stamping, men også nokre fine legg vi kunne segle på. På biletet rir Arnt og Onkel Hjalmar ripa medan vi vert forbisegla av Endely. Vi tykte det var rart, men fekk etter nokre gode ankerdrammar lokka ut av dei at dei hadde motoren i gang! Ankerdrammane vart forresten nok ein gong avslutta i båten Rhapsody in blue, som denne gongen stilte med suppe og pannekaker til heile gjengen!
I den første hamna vi kom til i Vigo hadde dei båtløft, og vi fekk skifta tilbake til foldepropell. No er det slutt på å bli forbisegla, Tempest er igjen blodtrimma
Etter propellskifte flytta vi til ei meir sentral hamn. Her vart vi møtt av delfinen Casper, som dei har trent til å hoppe etter fortøyingstau. Han holdt eit voldsomt show rundt Tempest, og det samla seg mykje folk. Ein engelskmann var veldig nyskjerrig på kva vi hadde under båten som delfinen var så opptatt av. Eg klarte ikkje å holde meg, og forklarte at vi hadde eit hol der som vi mata den igjennom. At det var vår delfin, og at den fulgte oss rundt om i verda. Han gjekk fem på og var kjempeimponert, men når eg høyrde kona hans fortelle historia viare turde eg ikkje anna en å avsløre spøken.
No har vi nett vert ute på avskjedsmiddag med Onkel Hjalmar. Vi har satt stor pris på å ha Onkel Hjalmar med, og delar no ei heilt spesiell oppleving med han som vi ellers berre ser ein gong eller to i året. Takk for ei fin tid onkel! Vi set umåteleg stor pris på at du hjalp oss over Biscaya, og har storkosa oss med alle historiane og det gode humøret du oppviser. Takk for no, og på gjensyn i Las Palmas!
No skal vi ut på svai nokre dagar. Det er nokre øyer utanfor her som skal vere veldig flotte, og vi skal samlast der ute med dei andre norske båtane for ein strandfest. No er det sommer og sol som skal feirast!
Sten og Arnt, i shorts
3 kommentarer til “Vigo - sommer og sol!”