Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi har endeleg somla oss til å finne fram fiskeutstyret (imponert Bengt?) og no sit vi no her og ventar på storfangsten. Det er utlyst ein fiskekonkurranse mellom båtane på denne overfarten, og det einaste vi har å vise fram so langt er ein blekksprut vi fann på dekk i dag tidleg. Men no skal det bli andre bollar!
Onkel Hjalmar, vi har ikkje starta motoren sidan vi la ut frå kai, og vi skal prøve å sjå om vi ikkje kjem heilt i mål utan. Er berre ein fordel om Endely kjem i mål ei stund før oss, så rekk dei lage til ein stor velkomstfest Vi har satt DuoGenen i vannmodus, og den held faktisk forbruket. Dvs. dersom vi ikkje har på PCen, då slit den. Dei av dykk som kjenner meg godt skjønner at det gjør den då
Ellers går tida til å halde utkikk etter anna trafikk og lese bøker. Ho der Lisbeth Salander er i big trøbbel no, og eg er spennt på koss det der skal løyse seg…
Den proffe overstyrmannen Runar meinar vi er på rett kurs, så då håpar vi at vi er i land utpå morgonkvisten fredag ein gong…
Alt vel ombord med alle, og vi seglar nestan side om side med Ruffen som vi også pratar ein del med på VHFen. Deilig å ha eit lys frå ein annan båt å sjå på når ein sit aleine på vakt om natta.
0 kommentarer til “Fiskinga er i gang”