Stor stemning mot slutten

Ja, no er stemninga stor ombord. Vi har dikta ferdig sangen (det er eit av overfartskonkurransane mellom båtane), og vi har nett fått VHF-kontakt med Leikaren igjen. Dei ligg med same distanse igjen til land som oss og Ruffen, men litt lenger nord. Ruffen har vi hatt VHF kontakt med heile turen, og no i dag har vi lest høgt frå avisene til dei. Gamle aviser, men det var nytt for dei.

No begynner vi å glede oss til landkjenning. Det blir nok ein stor fest i morgon. Vi reknar med å vere inne rundt klokka fem i natt, så då rekk vi å få oss litt søvn før vi samlast til strandfest.

Seglinga har gått bra, men det gyngar mykje frå side til side. Vi har funnet at det som fungerar best slik vinden og bølgene har vert er å sette bom på genoaen, og ikkje bruke storseglet i det heiletatt.

Berre ei natt igjen, så er vi i mål med det lengste strekket så langt på turen. No gler vi oss til mørket senkar seg og vi ser lanterna til Ruffen og forhåpentligvis Leikaren. Det har vert veldig koselig og trygt å ha Ruffen si lanterne å se på i mørket. Då er ein ikkje så aleine på vakt, og så har ein jo nokon som kan løyse gåtar med og fortelle vitsar til på VHFen.

4 kommentarer til “Stor stemning mot slutten”


Skriv en kommentar