Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Som de sikkert har fått med dykk er vi altså i Porto Santo. Vi bader, nyter varmen og utforskar øya. Har det bra med andre ord
Internet er ein populær ting blandt langturseglarar, her er det siste værsjekken før overfarten. Vi brukte også litt meir tradisjonelle metodar. Einaste feilen med denne “værsteinen” var at den hang under tak!?!
Overseglinga gjekk bra. Ut frå Cascais gjekk vi fem båtar i lag. Alle gjekk samtidig og lina opp før vi sette segl, slik at “reportasjebåten” Opportune skulle få filme det heile. Det var liten vind og då er jo Turbo Tempest i sitt ess. Vi drog godt i frå feltet i starten. På bileta ser de Leikaren, Ruffen og Opportune, og tilslutt eit bilete av alle saman, inkludert Endely. Vi skulle jo hatt betre blete av Endely, men så god telelinse har vi ikkje Men rette skal vere rett, når vinden kom hadde vi sjølvsagt ikkje ein sjangs mot Endely, men då var det mørkt og vi fekk ikkje tatt bilete. På VHFen høyrde vi følgjande melding frå Endelykapteinen: “Eg revar f… ikkje før vi e forbi dei guttongane i TurboTempest”
Fansgsten undervegs var derimot ikkje noko vår mellomste bror Bengt hadde vert stolt av, det vart med denne krabaten som vi fann på dekk ein morgon. Bra du skal vere med over Atlanteren Bengt, ellers trur eg det blir tynne fiskesupper utpå der!
Vi gjekk mykje paralellt med båten Ruffen, og hadde mykje moro på VHFen med dei. Det er både sosialt og føles litt tryggare når ein har andre norske båtar rundt seg. Vi fekk dog litt medlidenhet med dei, gassen deira streika første natta, så dei gjenomførte seglasen utan varm mat og kaffi! Når vi etterkvart såg at vi, Leikaren og Ruffen kom til å nå land innanfor same timen satte vi derfor igang med å lage betasuppe til heile gjengen. Etter fortøying klokka ca seks om morgonen samla vi alle til “nattmat” i Tempest.
Porto Santo er ei flott øy, og vi har leigd 4 hjulsmotorsyklar i lag med Endely for å utforske litt på eigenhånd. Ein flott måte å komme seg litt rundt på eigenhånd.
Tar også med eit bilete som eigentleg skulle ha vert sensurert, men med tanke på at dei heime (les:Ola) sikkert treng ein god latter let eg det gå igjennom. Dette er det eg kallar ein kombinasjonssveis. Oppskrifta er: premiærefest kvelden før, bading i saltvann og motorsykkeltur på ein fjelltopp.
Ellers har vi vært på “premiærefest” med båten Opportune, som lagar reportasjar frå turen sin som vert sendt på TV-innlandet. Veldig profft og bra, og anbefalast absolut dersom du treng litt inspirasjon til å komme igang sjølv. Betre reklame for langtur med seglbåt finn du ikkje!
Dette er eit av dei hamnene som har ein “Wall of fame” der langturseglarar legg igjen sine visittkort. Her er dei vi fann som har vert før oss i år.
Og her er eit av dei båtane vi fulgte tett på nett i fjor, Harmoia med Tina og min namnebror Sten. Det er når vi ser dette at det går opp for oss: ” Vi er faktisk her, vi gjennomfører det!”
Sjølvsagt måtte vi også legge igjen vårt visittkort, Arnt og Runar følte seg i kunstnerisk form, og kapteinen er stolt av resultatet!
I dag går vi vidare til sjølve Madeira. Får besøk av Stig Paulsberg der denne veka. Vi gler oss, og håpar på flott genakerseglas over til Funchal.
7 kommentarer til “Porto Santo”