Madeira - Funchal

GrillpartyEin glad gjengHeile gjengen på kaikantenVi har no kome til Funchal, den største byen på Madeira. Her ligg vi i lag med mange andre norske båtar. Torsdag organiserte båtane felles grilling på kaia. Kokkane i Endely samla inn 10 euro per person og gjorde felles innkjøp. Dei sto også for grillinga og vi hadde ein fantastisk kveld og natt med god mat og hyggelegt selskap.

Internet ombord er luksus!Doen er demontertSå er det vask av alle delaneElles går livet sin vante (eller uvante) gang rundt om i båtane. Petter på båten Motgang sliter med å få tilgang til trådløst nett nedi stålbåten, men har funnet si eiga løysing på det. Jentebåten Las Primas med kusinene Lene og Cecilie ombord har slitt med ein do som ikkje vil oppføre seg, men dette er tøffe jenter som tar saken i egne hender. Like blide :-)

Taubane, ganske høgt!Kjelketur nedatt:-)Fredag vart ein litt slapp dag for alle grillentusiastane, men vi blei med Endelygjengen i taubana opp i fjellet over sentrum. Der var også gjengen frå Las Primas, og vi tok alle dei spesielle sledane ned att. Artig sak som har sin opprinnelse frå den tida dei transporterte Portvinstønnene ned til sjøen på denne måten. TurboTempestgutta satt i sleden etter LasPrimas jentene, og det ergra oss litt at det var forbikjøyring forbudt. På sjøen må vi nok medgje at vi ikkje har ei sjans mot desse regattajentene i sin First 40.7, men på sleden hadde vi nok litt meir tyngde å legge på nedover bakkane!

Handletur med Eli og Erik frå EndelyNorsk klippfiskPå veg tilbake til båten var vi innom Supermarcado og fann (som vi finn over alt her) norsk bacalao (klippfisk). Vi handla inn og no ligg ein god porsjon til vatning. Laurdagsmiddagen i Tempest blir dermed norsk klippfisk med poteter og kvit saus. Nam!

Vi vert liggande her i Funchal ei stund. Vi fekk tak i ein mekanikar frå Volvo Penta som skulle sjå på motoren vår. Det viste seg at under eine dysa hadde heile innsettet som dysa er montert i “smelta” og låg som ein klump i kammeret. Nytt er bestilt, men vi får ikkje delane før onsdag, og mekanikaren kjem ikkje igjen før torsdag. Så får vi montere sammen igjen, og få tatt ein kompresjonstest om ikkje alt er som det skal. Trøsta er at vi ikkje har hastverk, og at dette tross alt ikkje er den verste plassen å ligge fast ;-)

Runar har mønstra over på båten Opportune som gjekk mot Kanariøyene i går. Det vart dyrt å returnere frå Madeira, og på denne måten fekk han også segla litt meir. Vi takkar for laget og ønsker god tur heim.

0 kommentarer til “Madeira - Funchal”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar