Dag tre. Det normaliserar seg

No byrjar livet å gå sin vante gang om bord. Det er mykje meir stabile forhold, og bygene som kjem inneheld ikkje lenger dei heilt store overaskingane i forhold til vind. Den går opp litt, men ikkje meir enn 5-8 knop, så kjem ein real regnskur før det blir ein periode med heilt vindstille.

Bølgene er også mykje mindre no, kan tenke meg rundt 2 meter, så no er det mogleg å lage skikkelege middager, rydde og sjaue på som normalt. Sjøsjuka som plaga litt i starten har også abdisert. Det einaste eg kunne ønske meg no er at retningen på vinden snur litt. Vi må segle med vinden 50 grader inn styrbord for å klare å halde nokonlunde kurs. Kunne tenkt meg litt meir slør. Når vi ikkje har byger ligg den relative vinden på 26-29 knop. Vi klarar stort sett å halde 6 knop pluss.

Forutan dei daglege rutinen har eg no byrja tenke litt på 17.mai feiringa. Vi er nok fortsatt på havet deg dagen, og det må vi sjølvsagt gjere det beste ut av. I løpet av dagen har eg som mål å få satt ned ein 17.mai komite som kan ta ansvar for dagens løp. Eg ser føre meg to representantar frå båtens mannskap, og ein “folkets” representant. Den lyt eg verve blandt dykk som les, så kom gjerne med forslag eller verv dykk sjølv.

Ellers er det berre å takke for alle kommentarar! Vi set umåtleg stor pris på det, som sagt før er det det krydderet vi har i kvardagen her utpå. Vitsestafetten er i gang igjen ser eg. Forrige gang gjekk Sjur Dale av med sigaren, no ligg vel Roger godt an :-)

7 kommentarer til “Dag tre. Det normaliserar seg”


Skriv en kommentar