Dag fem. Nyter livet

Nei no skulle dykk ha vøri her :-) Fantastisk siste døgn. Flatt hav og akkurat nok vind til at TurboTempest har stima frammover med fulle segl i mellom 6,5 og 7,5 knop. Vi er heldige og har fullmåne, og kan nesten lese i lyset frå den på nattevakta.

Det er slike forhold man drøymer om når man skal segle langt. Vinden er liten, vi seglar ganske skarpt med relativ vind 15-16 knop inn 40 grader styrbord. Tempest likar slike forhold, og responderar med å halde god stim. Spørs om han ikkje er litt spennt på den nye tilværelsen eg har lova han i Florø, og har litt hastverk med å komme heim ;-)

Det hadde vert moro å prate med Florø Radio utpå her, men vi har diverre ikkje SSB ombord. Hovud VHFen vår har også streika etter at vi la ut frå land, så vi har kun handholdt apparat i cockpit. Det spørs om det ikkje er vel tidleg å prøve Florø Radio på det ;-) VHFen som har streika har vi kjøpt hos Seatronic, og dei har sendt ny til Benedicte Svardal som tar den med når ho mønstrar på på Azorene.

Lite trafikk utpå her no, men i dag tidleg såg vi to seglbåtar når det lysna. Dei held ein litt nordlegare kurs enn oss, men eg trur faktisk vi sig innpå dei.

Ellers er humøret og formen på topp. God stemning ombord, og vi berre nyt desse rolege og stille dagane. Forventar å nå vindstilla i løpet av dette døgnet. Då motrar vi oss mot vinden igjen, som då vil komme igjen frå sørvest slik at vi kan legge kursen direkte mot mål

Kapteinen (som har skifta det rosa pleddet med eit blått for å prøve å oppnå litt meir myndighet i forhold til mannskapet som berre lo)

På Skråss, med Odd Jarle. Etter at kapteinen i går opplyste at han ikkje dreiv sensur ombord finn eg det på tide å skrive nokre ord på bloggen.

Livet på skråss er herlig. Kjemien ombord er utmerka, og kapteinen (som driv opplyst enevelde) er sånn passe streng. Vi later som om vi følger ordre, men når han ligg i forpiggen, under det rosa teppet sitt og snorkar høglytt, er det fest ombord: Då surfar vi på Facebook via satelittelefonen, vaskar oss i ferskvatn, et av nattevakt-godteriet hans, brukar vinsjane og vinsj-handtaka til klessnor, og skrur og justerer på alt av instrumenter som vi ikkje skjønar kva er. Han har bl.a. ein spelekonsoll ved rattet der han ikkje har lagt inn eit einaste kult spel, berre eit kjedeleg program som viser kart og strekar. Og så hadde han ein gamal telefon-dings som spraka og peip noko såinnmari at vi tok og fiksa den også - no er den heilt stille, og det går an å sove i rommet ved sida av.

På ein slik fantastisk tur har ein god tid til alt (unntatt når kapteinen kommanderar). Dei siste månadane har vore hektiske med mykje jobb og studier, og ein tur til Karibien for å hente Sten heim til Norge (Desverre ikkje Oslo) er eit godt avbrekk før det brakar laus igjen med innspurt på studiet. Ombord får ein tid til å tenke, fundere på livet og ikkje minst kjenne kor herlig det er å vere under seil i eit midlertidig mikro-samfunn fleire dagsreiser frå sivilisasjonen - det er heilt alright, in the morning og heile tida ellers ;-)

Det er små ting som skal til for å lyse opp tilværelsen ombord. Det kan vere noko godt å drikke eller ete, ein dårleg tørr vits, ein båt i horisonten, ei perfekt nattevakt med ein måne som blendar, ein god 5-ar på stuttvisaren osb. Men å få nyheita om at Henrik har fått skuleplass på Disen frå hausten av overgår det meste. HURRA Henrik!! Skulesituasjonen i bydelen i Oslo er sprengt, og ikkje alle kjem inn på den skulen somligg nærast,men vi trakk vinnerloddet og det er så utruleg bra.

Over og ut for denne gong - Ship o’hoi

Odd Jarle - Temp. First Mate

6 kommentarer til “Dag fem. Nyter livet”


Skriv en kommentar