Dag seks. Portugisiske krigsskip!

Merkelege skapningar. Små manetar som seglar, liksom oss, på lukke og fromme rundt på Atlanterhavet. Ser små og uskuldige ut, men man skal vistnok unngå å kose for mykje med dei. Hundre- ellers sikkert tusenvis av dei kjem oss til møtes, og vi tør ikkje bade i havet…

Nok eit fantastisk døgn på Atlanteren. Det er bortimot blikkstille, og vi motrar ganske mykje. I natt var det fullmåne, og Kari inviterte gutta på tapasfullmoonparty på terassen. Etter god mat, blandt anna med Odd Jarle sine fantastiske nybakte brød, og ein heilt ok solnedgang, sat vi og bivåna den flottaste måneoppgangen vi nokon gong har sett. Den steig rund som ein fluortablett (OJ sitt uttrykk) opp frå ein skyfri horisont. Heilt magisk, og Kari sat berre å sa: Guuu ko flott, guu kor flott ;-)

Som de sikkert forstår nyter vi fortsatt livet utpå her. Veldig god stemning ombord, masse humor og humør, samtidig som vi og kan sitte stille og berre nyte dei flotte øyeblika. Kjekt å segle havet med gode venner som også er flinke til å gje uttrykk for at dette nyter dei.

Bestemor Gjertrud frå Sogn, godt å ha deg tilbake! Vi har sakna deg, og eg lurte på om eg måtte sende deg ein mail med beskjed om at no fer vi utpå igjen :-) Kjekt at du følger med oss. Vi fann faktisk ein restaurant på White Bay (Jost van Dyke) som heitte Gjertruds Place. Vi tenkte at der måtte vi spise, men vart for seine til å bestille bord. Når det gjeld respekt hos mannskapet tar eg ikkje det så tungt. Let dei briske seg litt no når det er stille, så tenker eg kapteinen er god å ha igjen når det bles opp ;-)

No er det frukosttid, og OJ er i full gong med å å steike egg, bacon og bønner i tomatsaus. Hmmm… Vi let høyre frå oss….

1 kommentar til “Dag seks. Portugisiske krigsskip!”


Skriv en kommentar