Dag sju. Ei veke til havs

Ja, så var første veka gått :-) Fortsatt flatt hav, og lite/ingen vind. Begynner nesten å komme inn i havnemodus med så flat båt, så i dag må vi ha oss ein arbeidsdag for å gjere båten seilklar igjen. Lett å gløyme å sikre alt når det er så roleg som no.

Tusen takk for informasjonen om Portugisiske krigsskip Lasse! Det var verkeleg moro og lærerikt. Det er massevis av dei her enno, og sjølv om dei “som oftast” ikkje er dødelege, trur eg vi let vere å bade med dei ;-) Vi skal prøve å ta nokre gode bileter av dei som Kari kan få ta med heim så dykk får sjå korleis det ser ut. No gler vi oss til å få litt innføring i Flygefisken også, den har vi lurt på mange ganger…

Ellers går livet sin gang her utpå. Når det er så roleg som no er det full aktivitet på kjøkkenet. I går var det Kapteinens kjøttbollar i Karrisaus til middag til solnedgangen, og Odd Jarles sjokoladekake med Kaffi til måneoppgangen. Vi diskuterer om ikkje vi må begrense oss litt på matfronten dersom vi ikkje skal trille i land på Azorene. Det er ikkje akkurat veldig høgt aktivitetsnivå mellom måltida om dagen. Begrensar seg jo litt når ein kun har rundt 20 kvadratmeter til rådighet. Kari snakka om å ha Yoga kurs med oss, men eg trur ho gav seg på det med å stå på hodet etter å ha prøvd seg i litt rom sjø. Sjølv om det er heilt stille er her jo litt dønningar som gyngar oss litt lett i søvn.

Vi har dagleg kontakt med alle dei andre båtane som deltar på nettet vårt (sjå www.seiltur.no/atlanterhavet), og kan melde om at stoda er bra og humøret på topp i samtlige båtar. Veldig kjekt å motta daglege statusrapportar om livet ombord hos våre venner, det gjer liksom ikkje havet så stort og einsamt likevel. Nermast oss har vi Pigalopp og Aurelia trur vi, men vi har ikkje hverken sett dei eller nådd dei på VHFen enno. Sidan i går har vi berre sett ein annan båt, eit lasteskip som passerte 7 nautiske mil bak oss.

Alt vel ombord!

7 kommentarer til “Dag sju. Ei veke til havs”


Skriv en kommentar